For tredje år på rad deler NMF og Norsk Tipping ut prisar til «årets dirigent» (skule- og vaksenkorps), «årets korpsbyggar» (skule- og vaksenkorps), «årets drillpris» og «årets talent» på Born to play-konserten i november.

Drillprisen er ny i år og går til ein som har utmerka seg, anten som utøvar, instruktør eller organisator. Tidlegare «årets korpsleiar» er endra til «årets korpsbyggar». Grunnen er at svært mange tilitsvalde gjer ein enorm innsats utan å vere vald til leiar.

Gledeleg

Nominering av kandidatar har vore enklare i år og engasjementet rundt er stort. Ansvarleg for Born to play og priskonserten er Geir Ulseth. Han er fornøgd.

– Det er svært gledeleg at så mange er nominerte. Det er eit utruleg stort engasjement i korpsfamilien generelt, og ein slik nominasjon og prisutdeling er ein fantastisk måte å synleggjere og heidre alle dei unike menneska som kvar dag jobbar og utviklar det enkelte korps, og den enkelte drilltropp som til saman dannar oss til ei stor korpsrørsle.

280.000 kroner

Vinnarane i kvar kategori får 50.000,- kroner og «årets talent» frå UMM klasse 2 får 30.000,- kroner. Totalt blir det delt ut over ein kvart million kroner på Hamar.

– Det er klart det er moro og kunne dele ut så mykje pengar på dei som er landets beste korpsbyggarar. Det er vel fortent, sjølv om dei nominerte nok ikkje fyrst og fremst blir motivert av pengar. Her er det ekte korpshjerte hos dei engasjerte. Dei er våre fremste ambassadørar. Kvar og ein blir driven av gleda over å kunne bygge og oppnå noko saman med andre, samt gje born og unge glede over å oppleve samhaldet og samspelet i korps, seier Ulseth.

Sterk jury

Årets jury blir leia av Dan Børge Akerø. Han har med seg kommunikasjonsdirektør i Norsk Tipping, Tonje Sagstuen, Lars Otto Ullereng, dagleg leiar av Lillestrøm kultursenter, Grethe Helle Rasmussen, førsteammanuensis ved Barrat Due, dirigent, Bjørn Sagstad og nasjonal drillkonsulent Ingrid Yerlikaya.

Følgande vinnarar skal kårast:

  • Årets skolekorpsdirigent
  • Årets voksenkorpsdirigent
  • Årets korpsbygger, skolekorps
  • Årets korpsbygger, voksenkorps
  • Årets drillpris
  • Årets talent (ingen nominering)