– For meg vart NM for skulekorps ei flott markering av at sesongen var over, og berre dagar etter dette var eit besøk på det nasjonale brassbandkurset på Manger ei like flott markering av at sommaren er i gang. Samstundes vart inngangen til sommar markert av mange korps med turar til fjern….eller nær.

Som generalsekretær i NMF er det ei stor glede å sjå tilbake på ein strålande korpssesong, med ei lang rekkje store opplevingar

Sommarkurs

– Sommaren betyr stort sett dvale for korpsa våre, men slett ikkje for alle musikantane. Både starten og slutten på skuleferien er for mange tida for «årets oppleving»: sommarkurs. Og for ein som har gått inn i rekkjene av veteranar er dette ei tid som vekkjer nostalgi.

Også i år vert det nokre besøk på regionane sine sommarkurs, og desse besøka får meg til å minnast alle somrane eg sjølv har brukt på slike kurs. 8 – 10 somrar på Manger folkehøgskule, fyrst på mange utøvarkurs, deretter rekkja av I-kurs og D-kurs. Like kjekt er det å tenkja på alle åra eg sjølv var instruktør på slike kurs, og på at eg etter kvart hadde det musikalske ansvaret på kursa. Vi opplevde sanneleg mykje kjekt, på Manger, Sandeid, Lofthus, Balestrand, Sogndal og Førde.

Den store bonusen er at korpsa nyt godt av musikantar som kjem tilbake til kvardagen proppfull av inspirasjon.

 

Ein ting er sikkert; desse kursa betyr enormt mykje for musikantane våre. Nye vennskap vert knytt, og på instrumentet får dei unge eit stort løft framover. Den store bonusen er at korpsa nyt godt av musikantar som kjem tilbake til kvardagen proppfull av inspirasjon.

Dirigentuka

På same måten som det nasjonale brassbandkurset markerte sommarstart for meg, vil eit anna viktig, nasjonalt kurs markera avslutninga av sommaren; «Dirigentuka» i Stavanger. Over 100 av våre noverande og framtidige dirigentar brukar ei veke av ferien sin for å få påfyll av kunnskap, i lag med gode kollegaer og ein bukett instruktørar, henta frå øvste hylle.

Det Morten Wensberg og teamet hans har fått til her, er noko av det viktigaste NMF kan tilby for å sikra vidareutvikling av korpsa våre.

Min ferie

– Eg er så heldig at eg kan vera oppteken av og bruka tida på korps kvar dag, heile året – både på dagtid og kveld. Kva vert då ferie, når den gode definisjonen av ferie er «å gjera noko anna»? Blir ikkje heilt enkelt, men vi prøver. Eg har nett hatt ei fantastisk veke i Skottland. Her vart det mange kulturelle inntrykk, men heller ikkje her vart det heilt korpsfritt. Blir ikkje så lett det når vi har ei jente i baksetet som heile tida ynskjer å høyra på musikk, svært gjerne korpsmusikk.

– Resten av ferien blir brukt i nærområdet. Vi treng ikkje reisa så langt for å ha det fint når ein bur på Os. Blir nokre dagar i Stavanger, dagar på hytta på Kvamskogen og tur med båten når veret er eigna.  Eit aldri så lite delmål, og ein avstikkar, vert besøk på Galdhøpiggen. Det desiderte, og altoverskyggande hovudmålet vert det kjærkomne og avslappande samværet med familien, ikkje minst med barn og barnebarn.

Masterplanen for dei tre siste ferievekene mine liknar svært mykje på ferieplanane vi plar ha for feriar; lite plan! Vi tek det etter kvart – etter ver og vind. Fungerer fint!

Korpsminne

– Redaktøren har ymta frampå om at eg skal trekkja fram det størte korpsminnet mitt. Umulig!

– Eg er så heldig at eg har fått jobba med mykje av det fremste vi har av korps her i landet, og å trekkja fram ei oppleving som skil seg ut vil ikkje verta lett eller rett. Inspirert av ei veke på dei britiske øyer,  vil eg heller trekkja fram den aller første av mange store korpsopplevingar eg kan hugsa.  Som 15 år gamal korpsmusikant var vi på korpstur til Manchester med Os skulekorps. Vi fekk helsa på dronninga, ikonet Ivar Tvedt dirigerte og eg fekk vera solist på konserten i Free Trade Hall.

– Eg likte rett nok ikkje ein av kommentarane som kom i etterkant; talentfull gut, synd vi ikkje kunne sjå han. Den gongen var ikkje håret kort og «lyst», men mørkt og langt, – svært langt. Hang stort sett ned i fjeset. Uansett; ei stor oppleving for ein gut frå landet.

Mindre konsertar, større konsertar, turar, venskap og samhald. Gjennom heile sesongen får unge (og eldre) oppleva dette, og mange nye vennskap skal knytast i sommar. Og som sagt, vi kan gle oss; snart er det ny sesong!