– Å drille er min måte å uttrykke meg på. Andre syng eller spelar frå ei scene. Når eg opptrer viser eg kven eg er. Det er utruleg gøy, seier Tuva Kosmo entusiastisk.

Skal konkurrere i EM Twirling

Tuva høyrer heime i troppen frå Horten Drill. I EM Twirling skal ho konkurrere i Solo 1 Baton Preteen og Drilldans Solo/Rhythmic Twirl Preteen.

– Det var veldig stort for meg då eg vart utteken til EM Twirling, seier Tuva. Det var stort sidan alle som eg går i tropp med har gått over til junior. Eg var einaste igjen i aldersgruppa «Preteen» (aspirant). Men det er ein stor konkurranse sjølv om dei andre eg konkurrerer mot er yngre, seier Tuva.

– Kva seier venene dine om at du er så god?

– Eg trur dei er stolte, men vi har ikkje snakka så veldig mykje om det. Eg vil ikkje skryte, men dei som veit om det og som ser kor mykje eg trenar, seier eg fortener å kome vidare til EM og konkurrere internasjonalt.

For trene gjer den unge jenta frå Horten.

– Eg trenar ein del, ikkje berre drill, men eg går på dans og har prøvd meg litt på turn. Det blir trening sånn cirka 8 timar i veka og nokre helgar. I tillegg er det eigentrening, seier ho.

Tuva drillar i NM korpsdrill i Larvik 2015. Foto: Anne Lise Kosmo

Ivrig familie

Resten av familien Kosmo er ivrige drill-entusiastar og stiller meir enn gjerne opp som supporterar i konkurransar, både heime og utanlands. Bestefar på farsida er tidlegare stortingspolitikar, statsråd og stortingspresident Jørgen Kosmo. Bestemor Anne Lise Kosmo filmar og tar bilde på konkurransar Tuva og søstera deltek i.

Mor Silvia Kosmo stadfestar at familien er svært engasjert.

– Vi reiser på mesterskap heile familien med besteforeldre. Det blir mange og lange bilturar, men det er ekstra kjekt når begge jentene gjer det så bra, seier ho. Storesøster Maya har vore førebilete for Tuva. Også ho skal konkurrere i fleire greiner; Solo 1 Baton Senior og Solo X Strut Senior og Drilldans Solo/Rhythmic Twirl Senior og Twirl Duet Senior saman med Emma Kalvenes, også frå Horten Drill.

Sidan bestefar Kosmo er vide kjend, blir det ganske god kontakt og mange som sler av ein prat på tribuna, fortel Silvia.

Maya Kosmo og bestefar Jørgen Kosmo under VM Twirling i 2012. Foto: Håkon Mogstad/NMF

Maya Kosmo og bestefar Jørgen Kosmo under VM Twirling i 2012. Foto: Håkon Mogstad/NMF

Sommar er fri og ferie

Halve sommaren i år er unnagjort for Tuva. Som tenåringar flest nyt ho ferie og fritid før skulen tek til igjen.

– Til no har eg vore ein del med venner og vi har vore på biltur til Mo i Rana. Mykje av slekta mi er der nord. Vi var på slektstreff og møtte familien.

– Sidan slekta på farssida høyrer til i nord, reiser vi fast annankvart år til Nord-Norge for å feriere, seier Silvia Kosmo.

Tuva i det fri. Foto: Privat

Tuva i det fri. Foto: Privat

Drillveke i Frankrike

Då musikkorps.no snakkar med Tuva midt i juli er ho i Sverige på dagstur med mamma Silvia. Eigentleg skulle ferien også brukast på drilluka i Sandefjord. Men den vart dessverre avlyst.

I staden reiser ho på ei drillveke i Frankrike saman med mor og eit par andre.

– Teknisk sett er det ikkje om sommaren, men det er heilt i starten av skuleåret. Eg gler meg veldig til den veka. Då kjem det trenarar frå Amerika og Japan.

For Tuva er det drill for alle pengane. Ho har ikkje problem med å svare eit rungande ja på spørsmål om ho vil halde fram med drill-aktiviteten lenge enno.

– JA, eg vil fortsette! Drill er det eg satsar på og vil halde på med!

Maya Kosmo under NM korpsdrill 2013: