– Denne gjengen imponerer noko veldig. For fyrste gang i NM skolekorps brass kom korpset på delt 10. plass av 17 deltakarar i 3. divisjon. Det er berre å gratulere ungane og dirigenten i korpset.

Styreleiar Arne Hervig rosar korpset opp i sky. Han gir også æra til den unge dirigenten, Bjørnar Hov og kulturskulelærarane. Og han takkar NMF for å få vere med i Born to play.

– Alle ledda fungerer veldig bra etter å ha vore med i NMFs Born to play-program. Vi har hatt rettleiarar som har fått oss til å jobbe, lage handlingsplanar og fagplanar saman med lærarane frå kulturskulen. Dirigenten vår er engasjert og veldig godt likt både av foreldra og borna.

Les: 15 % auke i medlemstalet blant korps i Korpsbyggarprosjektet

– Kva sit de igjen med etter NM?

– Vi er ikkje så store korpset, men vi har fått trua på å bygge korpset på mestring, samspel og venskap, og dermed utfordre nye og spennande område.

Vi har fått trua på å bygge korpset på mestring, samspel og venskap

Vil tilbake neste år

Skjønhaug Skolekorps reiste til NM skolekorps brass i Stavanger med 13 i besetninga, fem av dei er juniorar (9 år). Men korpset har delteke på distriktsmeisterskap og synst det er moro å ha noko å strekke seg etter. Denne våren har NM vore målet og det blir ikkje siste gong dei er med i NM.

– Øving fram mot NM har trigga musikantane og alle ønskjer seg tilbake neste år. Alle synst det var veldig moro, seier Arne. Han legg til at opplegget rundt meisterskapen, ramma rundt og informasjonsflyten var veldig bra.

– Alt gjekk på skinner, fortel han.

Moro å delta

– Det var grådig moro å spele i NM skolekorps brass!

Det seier Anton Østby (16) som er blant dei eldste i korpset. For fem år sidan spelte han i det som den gong var janitsjarkorps. Trass i at dei gjorde det godt den gongen vart korpset redusert frå 28 til 13, og i 2012 gjorde dei korpset til eit brass-korps.

Skjønhaug Skolekorps til NM skolekorps brass for fyrste gong. Foto: Skjønhaug Skolekorps

Skjønhaug Skolekorps til NM skolekorps brass for fyrste gong. Foto: Skjønhaug Skolekorps

Øving gjer meister

I årets NM spelte korpset «pleasure for Band» av Kees Schoonenbeek, The «Seminar Hymn» av Jacob de Haan og «Anxo» av Haakon Esplo. Sistnemnde stykke var litt vanskeleg, med mykje rytme og ulike takter, men dei har øvd seg gode.

– Ja, vi har øvd ein del på det vanskelege, seier Østby.

Les: Skjønhaug Skolekorp vil ha fleire med

– Korleis var opplevinga for deg som sat i salen?

-Den var heilt fantastisk. Eg fekk rett og slett gåsehud og tårer i augekroken. Eg har aldri høyrt dei spele så bra, får nesten gåsehud når eg snakkar om det no. Vår gevinst er ein 10. plass. Det er utruleg bra, seier Hervig.

Eg fekk rett og slett gåsehud og tårer i augekroken

Til slutt legg han til at det kjem reportasje om korpset i avisa Smaalenenes Avis.

– Vi prøver å fortelje til media at vi satsar på musikalsk kvalitet og håpar dei er interessert i den flotte hobbyen vi held på med.

Skjønhaug Skolekorps er med i BTP-filmen: