Mange skulekorps frå nord til sør øver i desse dagar intenst fram mot NM skolekorps brass og janitsjar og NM korpsdrill til helga. Kvart år deltek fleire tusen musikantar og drillarar i NM. NM skjer både i Larvik og Stavanger og er eit av årets høgdepunkt for både utøvarar, foreldre, instruktørar og dirigentar.

I Stavanger deltek 37 brasskorps fordelt på fire divisjonar til konkurranse i Stavanger Konserthus laurdag 24. juni. Korpsa kjem hovudsakleg frå dei to vestlandsfylka Hordaland og Rogaland.

Nytt verk av eigen slagverkar

Minde Skoles Musikkorps frå Hordaland spelar i 2. divisjon brass. Dei har hyra sin eigen slagverkar Fredrik Ertvaag til å skrive eit nytt verk, «Concerto Grosso».

– Stykket er ganske spesielt for eit skulekorps, med uvanlege klangar og teknikkar for musikantane, noko som har gjort det spennande, lærerikt, utfordrande og litt skummelt å jobbe med, både for musikantar og dirigent. Kanskje det også vil være litt uvant for publikum, spør korpset.

Fredrik Ertvaag går på musikklinja på Bergen Private Gymnas og avsluttar i skulekorpset dette året. Han er slagverkar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag og skriv musikk på fritida. Han er ekstra glad i klangar og rytmer som korpset vanlegvis ikkje spelar.
Berit M. Skorpen er dirigent for korspet.

Unikt samarbeid

I Stavanger er det eit unikt samarbeid over fylkesgrensene på Vestlandet. Floraskulen Brass Band og Kampen Skolekorps frå høvesvis Flora i Sogn og Fjordane og Stavangar i Rogaland speler saman i 2.divison.  Dei spelte saman for fyrste gong i fjor. Bakgrunnen er at dei ramla over kvarandre på ein skulekorpsfestival i Italia i 2015.

I NM skolekorps brass i år er det oppretta ein 4. divisjon og tre av korpsa er NM-debutantar. Det er Etne Skulekorps, Tåsen Skolekorps og Mellomkorpset til Tasta Skolekorps.

SBB spelar festkonsert

Som vanleg er det festkonsert laurdag kveld. I år spelar Stavanger Brass Band. Dei er eit av Norges beste brassband og skal representere Norge i EM brass saman med europameister Eikanger-Bjørsvik Musikklag neste år.

Larvik – janitsjarkorps og korpsdrill

I Larvik møtest 31 janitsjarkorps fordelt på tre divisjonar laurdag 24. juni. Konkurransen er i Kulturhuset Bølgen og Sliperiet.

Urframfører bestillingsverk

Fjorårsvinnar i 1. divisjon, Midtun Skoles Musikkorps urframfører bestillingsverk i NM av Fredrick Schjelderup «Sollicitus».  Sollicitus er latin og betyr uroleg. Det er sentralt for stykket sin karakter og form.

– Det var stas å få kunne gjere eit stykke utan for mange føringar, seier Schjelderup. Stykket inneheld ulike delar basert rundt eit «fanfare»-motiv, som blir presentert fleire gongar. Motivet endrar karakter, form, tonalitet, rytmikk og spenning undervegs, noko som triggar det urolege i musikken.

Fredrik er slagverkar i Eikanger-Bjørsvik musikklag og også dirigent. Han skal ikkje til Larvik å høyre på Midtun, men dirigere mellomkorpset til Ytrebygda i Kongeparken søndag. På konkurransedagen skal dei heie på hovudkorpset fram.
Dirigent er Christian Breistein.

Nok eit bestillingsverk

Bøverbru/Eina Skolekorps 3.divisjon framfører bestillingsverk av David Hveem, «Spenning».  Det er eit musikkstykke i fire delar, med nokre gjennomgåande tema. Komponisten har tatt utgangspunkt i ulike innfalsvinklar til ordet spenning. Dei to fyrste er melodisk og harmoniske, med dissonansar og er litt mystisk. Tredje del er meir musikk mot filmmusikk der stykket til slutt landar i ein open og fin del for å runde av.

David Hveem er ferdig med 3. året på musikkpedagogikk på Norges Musikkhøgskole. Han er hovudsakleg utøvar, men komponerer, arrangerer og dirigerer også. I tillegg sit han i NMFs forbundstyre.
Dirigent for Opplandskorpset er Ola Fredheim Haug.

NM korpsdrill

Fredag til søndag er det NM korpsdrill med 500 drillarar som er klare for konkurranse. Drillkonkurransen føregår i Arena Larvik. Søndag kveld er det avslutningsseremoni i Boligmappa Arena Larvik med premieutdeling og EM-uttak for Majorettes og uttak til VM i Twirling på Lillehammer 2018. #korps2018

Garden, klarinettsolo og drillsolist

Laurdag kveld er det festkonsert og premieutdeling i Boligmappa Arena Larvik med HMK Gardes musikkorps, Felix Peikli, klarinettsolist og årets Europameister i drill, Mathias Langseth Eliassen.

Programmet for både NM skolekorps brass og NM skolekorps janitsjar/NM korpsdrill med fylkesoversikt finn du i denne lenka.

LYKKE TIL ALLE SOM SKAL DELTA!!!

Les: Ingen NM-helg uten spennende utstillere