Konsert og ferie

Det er 65 ungdommer og fem vaksne som reiser på tur, ein tur som varer i seks dagar. Tre av dagane er det fokus på konsert og tre dagar med fritid i den europeiske storbyen.

– Dette blir heilt fantastisk. Eg er sikker på at ungdomane i Nordland Janitsjar kjem til å oppleve noko heilt unikt ved å halde konsert i Barcelona, seier Anne Guri Frøystein. Ho er musikkonsulent i NMF Nord-Norge i Nordland og har alltid ungdommane i fokus. Ho har jobba lenge for å planlegge og organisere turen.

Lever lenge på opplevinga

Frøystein trur at ein slik tur er noko ungdomane kjem til å sette pris på lenge. Korpset har vore på to utanlandsreiser tidlegare (2005 og 2012).

– Eg møtte igjen ei på 26 år, som no er i Oslo og jobbar som musikar. Ho sa at utanlandsturen er den kjekkeste turen ho har vore med på i heile sitt liv. Både musikalsk og sosialt. Det gjer at ein får lyst å gjere dette. Det er faktisk viktig, seier Frøystein.

Her er oversikt over konsertane NoJa skal ha i Barcelona:

  • Onsdag 3. august: Konsert i den største katedralen i Barcelona, The Cathedral de Barcelona kl.16.00
  • Torsdag 4. august: Konsert på La Nau saman med ungdommar frå heile Europa! kl.21.30
  • Fredag 5. august: Konsert i Montserrat kl.12.00

Det var ikkje berre enkelt å få gjort avtale om å halde konsert.

– Eg prøvde alle innfallsvinklar i Spania, kjentfolk, eg tok kontakt med det katalanske musikkforbundet, men i ferietida vart det vanskeleg. Til slutt tok eg kontakt med det norske konsulatet i Barcelona, og møtte ei fantastisk dame der, sier ho.

Eit brev og eit svar seinare, gav dei løyve til å ha konsert i katedralen i Barcelona.

Høgt musikalsk nivå

Korpset held eit høgt aktivitets- og musikalsk nivå. For å bli med må dei bestå prøvespel. I juli har ungdomane vore samla på sommarkurs i Mosjøen og når dei er tilbake frå det store utland, er dei tilbake i kvar sine korps, men i løpet av neste år skal dei samlast igjen fem gongar.

Les: Regionkorpssamlingar i Nord-Norge.

Dirigent for NoJa er Irene Anda.