Christiania Blåseensemble frå Oslo er dobbeltvinnande norgesmeister i janitsjar og reiser til Utrecht i Nederland for å konkurrere i EM under leiing av Bjarte Engeset.

Korpsa skal spele eit program på ein time kvar, inkludert pliktnummeret «Celebral Vortex». Denne komposisjonen er skriven av norske Øyvind Moe, komponert fyrste gong for Musikkforeningen Nidarholm då dei deltok i World Music Contest i Kerkrade 2009. Musikkstykket er publisert hos Norsk Noteservice.

Dommarar frå tre land

Irene Anda frå Norge er ein av tre dommarar i konkurransen. Dei andre er Jan van der Roost (Belgia) og Simone Rebello (UK). Ein internasjonal komité har valt dommarane.

Gallakonsert og premieutdeling

Laurdag kveld er det gallakonsert med påfølgande premieutdeling. Konserten blir helden av Royal Military Orchestra Johan Willem Friso, dirigert av Tijmen Botma. Medverkande er også solist Olivier Patey som til vanleg spelar soloklarinett i The Royal Concertgebouw Orchestra i Amsterdam.

Billettar kan du alt no kjøpe her: www.knmo.nl

Buffet Crampon er sponsor for ECWO og Adams leverer slagverksutstyr.

Rundebordskonferanse

Fredag 20. mai blir det arrangert rundebordskonferanse med temaet musikkutdanning for born i grunnskulen. Det vil bli diskutert musikkutdanning og statusen den har i dei ulike landa. I tilegg stiller NMFs generalsekretær Karl Ole Midtbø for å fortelje om NMFs inkluderingsprosjekt, PULSE Stronger Together.

Laurdag 21. mai blir det musikk i hele Utrecht med ensemble frå lokalområde rundt Utrecht. De vil lage ein lokal vri på dagen og rette fokus mot EM som går i TivoliVredenburg.

EM janitsjar 2016

Desse åtte korpsa konkurrerer:

Konkurransen gir deg høve til å høyre åtte av dei beste orkestera på ein og same plass med ulik framføring.

Fullstendig program finn du på www.knmo.nl  og www.utrechtblaast.nl.

Det blir mulig å følgje konkurransen på Facebook og Twitter.