Programmet går kvar laurdag kl. 1730 i P1+ med programleiar Rune Alstedt.

– Dessverre har NRK lite korpsmusikk i arkiva sine, og særleg av nyare dato. Så no jaktar vi på musikk innspelt etter år 2000, altså frå dei siste 16 åra. Eg ønskjer innspelingar av skulekorps, vaksenkorps, janitsjar- og brassband, seier Alstedt

10 månader gamal

Radioprogrammet Messing og Treblås  har vore på lufta sidan mars 2016. Ifølge Alstedt er det stigande lyttartal for programmet.

Det er økonomiske årsaker til at NRK ikkje sjølve kan gjere mange nye innspelingar. Men Alstedt arrangerer korpskonsertar i Store studio som går i opptak og blir sendt på radioen i etterkant.

Tre innspelingar i året

– For å vere nøyaktig har vi pengar til tre ny-innspelingar i året. Tidleg i desember var Marinemusikken i Horten på Marienlyst for å spele inn korpsmusikk. Og i løpet av 2017 står følgande korps for tur: Oslo Brigademusikk, Oslo Politiorkester og Gardeveteranenes Musikk og Drillkontingent.

Får innspeling på CD

– Det er naturleg å hente inn korps nær innspelingsstaden/konsertarenaen. Det blir for dyrt å hente korps «over fjellet» for innspeling, seier han. Og dei korpsa som er med på konsertopptak i Store studio får ein kopi av opptaket som kan brukast fritt. Det er det einaste dei får, fortel Alstedt.

Korpsentusiast

Alstedt er sjølv ein korpsar. Han starta som 7-åring i Russeløkka Skoles Guttemusikkorps. Den 20 år eldre broren spelte tromme der, og det vart naturleg for han å begynne i korps.

Rune Altstedt korpsgutt i si fyrste uniform som 7-åring i Ruseløkka Skoles Guttemusikkorps. Foto: Sturlason i Oslo

Rune Altstedt korpsgut i si fyrste uniform som 7-åring i Ruseløkka Skoles Guttemusikkorps. Foto: Sturlason i Oslo.

– Korpsmusikk har lege hjertet mitt nært i lang tid, seier han.

Han har eit nært forhold til Forsvarets Musikk – og legg til at det er ein stor anerkjennelse at alle dei fem forsvarskorpsa vart redda i statsbudsjettet.

Ønskjer ny musikk

Han ivrar for å oppretthalde interessa for korps. Difor ønskjer han at radioprogrammet skal by på noko meir musikk som er «up to date».

– Det er lettare å få ungdom til å synge og spele musikk av nyare dato. I arkivet plukkar vi musikk som gjerne berre er spelt nokre få gongar, men mykje av arkivstoffet er klassiskinspirert og litt «tungt», seier han.

– Men CD-plater – er ikkje det heilt ute?

– Dette har med kvalitet å gjere. Overfører du via filer taper musikken seg. På ein CD misser du ikkje noko av lydbildet, seier Altstedt.

Ikkje nøl med å ta kontakt

Har du CD-opptak eller kjenner til nokon som kan ha korpsopptak liggande, ta kontakt med Rune Alstedt på epost: rune.alstedt@nrk.no eller telefon: 458 62 119.

Adressa du kan sende CD til er:
Messing og Treblås, NRK P1+
v/ Rune Alstedt,
RT 22
0340 Oslo