Det er elitekorpsa sjølve som har bede om denne prøveordning. Forsøket går ut på at dommarane ikkje skal ta omsyn til kva dei andre to meiner. Tidlegare har dommarane diskutert seg fram til ein felles poengsum. Det har i enkelte tilfelle ført til diskusjonar blant korpsmedlemmer om sterke jurymedlemmer dominerer dei andre.

– Dette blir eit meir ope og oversiktleg system. Korpsa får sjå kva kvar dommar har vurdert og kommentert og kva poengsum dei har gitt. Dermed fjernar vi all tvil rundt mistenkeleggjering og overkøyring, seier musikksjef i NMF Geir Ulseth.

Gir sin eigen poengsum

Dei tre dommarane i eliten skal gje sin eigen poengsum til kvart korps. Poenga blir lagt saman og summen delt på tre for å få eit gjennomsnitt. Og korpset skal få eit plass-siffer.

– Visst to korps har lik poengsum, blir også plass-sifferet som korpset har fått medrekna. Det er ein teoretisk sjanse for at det ikkje er mulig å skilje korps. I tvilstilfelle, vil dommarane likevel måtte gå saman og diskutere for å finne ei rangering.

Ønska ordning eliten

Elitekorpsa har ønskt dette for å få sjå kva kvar enkelt dommar har gjort av vurderingar. Korpsa får poengsummane, kommentarane og vil sjå at dommar A, B og C har gitt ulik poengsum. Korpsa vil sjå variasjonane, men resultatlista vil vise som før.

Sandvikens Ungdomskorps (SUK) vart norgesmeister i 2011. Allereie då gjekk ryktene om at ein dommar var sterkare i argumentasjonen enn dei andre, og som gjorde at SUK vann. Det samme skjedde då Lillestrøm Musikkorps kom på ein 7. plass i 2013. Lillestrøm har blitt norgesmeister fem gongar dei siste ti åra og er sett på som eit av dei beste korpsa i eliten. Blant korpsa gjekk diskusjonen om dommarar hadde underfavorisert Lillestrøm.

Dommarane legg vekt på ulike ting

Lene Rongevær Larsen og Sandvikens Ungdomskorps helsar forsøket velkommen.

– Vi synst det er bra å prøve ut nye metodar for å få dømminga til å bli så rettferdig som mogeleg. Ein unngår rykta om at den eine dommaren har meir å seie enn den andre. Det kan fort bli til at ein dommar blir gjort til «syndebukk» for eit dårleg resultat. Om denne metoden verkar gjenstår å sjå, seier Larsen.

Musikkforeningen Nidarholm er også glad for at dette er tatt tak i. Nina Moen Sælø seier det er ok å få nye retningslinjer for dommarane.

– Dommarane veklegg ting ulikt og at korps får sjå kva dommarane meiner og får «score» for det, då håpar vi det blir meir rettferdig. Men ho understrekar at dette skal evaluerst i ettertid.

God modell tidlegare

Musikksjefen er juryansvarleg/sekretær for dommarane. Det har han vore dei siste seks åra, og har god erfaring frå tidlegare metodar. Han fortel at alle dei utanlandske som er hyra inn er svært nøgde med den norske modellen som har vore.

– All fagleg vurdering og tidligare utgreiingar og psyskologiske forsøk tyder på at det er betre å diskutere seg fram til eit resultat i løpet av ein lang dag. Når vi fjernar kravet om at dommarane må bli samde, blir ikkje diskusjonen så detaljert. På dei seks åra eg har vore med på «bakrommet» har eg ikkje opplevd problematiske episodar.

Skal evaluerast

Men no skal den nye metoden fyrst prøvast ut og etterpå evaluerast, både blant elitekorpsa og i dommarutvalet i NMF.

– Resultata der vil vise om dette er noko vi vil gå vidare med. Vår intensjon er å gjere dømminga så open som mulig og fjerne all mulig tvil om at dommarane påverkar kvarandre i ei bestemt retning. Vi håpar å få eit så rettferdig og korrekt resultat som mulig, seier Ulseth.