Musikkonsulent/Produsent NMF Hordaland

Beate Gulbrandsen Holmefjord har studert klarinett/bassklarinett og pedagogikk ved Griegakademiet i Bergen og Det Kongelige Danske Musikkornservatorium. Ho jobbar i dag i Bergen kulturskole og Os kulturskule som skulekorpsdirigent og treblåslærar. Beater er også aktiv som utøvande freelancemusikar blant anna i Sjøforsvarets Musikkorps, og gjennom vikariat i Luftforsvarets Musikkorps og Bergen Filharmoniske orkester.

Beate G. Holmefjord

Beate G. Holmefjord

– Eg søkte jobben som musikkonsulent/produsent fordi den verka interessant, ein jobb med variasjon og utfordringar. Eg har lyst å være med å utvikle tilboda NMF har til medlemmene sine, og er spesielt opptatt av sommarkurs. Eg håpar å få vere med å bidra til å vidareutvikle dei og ser fram til å bli kjend med medlemmene i NMF.

Ein annan ting Beate legg vekt på er samarbeid mellom NMF og kulturskulane. Her vil ho bidra til auka samarbeid.

Beate tek til i jobben som musikkonsulent/produsent ved NMF Hordaland 1. august.

Dagleg leiar i NMF Nordvest

Ingrid Sofie Nygaard er 27 år, kjem frå Arendal og har fungert som dagleg leiar i NMF Nordvest sidan i fjor, men har jobba i NMF sidan 2009. Ho har vore utvekslingsdeltakar i Sør-Afrika i Bands Crossing Borders-prosjektet og har vore engasjert i styra i alle korspa ho har spelt i, og ho har vore aktiv i barne- og ungdomsarbeid gjennom CISV. Av utdanning er ho molekylærbiolog og realfaglærar.

Kvifor søkte du jobben?

– Eg søkte fordi eg synest at det å jobbe for at korpsa skal få betre rammevilkår og sjanse til å utvikle seg er veldig gjevande. Å jobbe for at fleire skal oppdage og digge verdens beste hobby er veldig gjevande og eg gler meg over alt det flotte engasjementet eg har sett i regionen vår.

Kva meiner du er den største utfordringa i jobben som dagleg leiar?

– Eg kjem til å jobbe hardt for at fleire korps skal «koble seg på igjen». Altså at terskelen for å ta kontakt med oss på regionkontoret er lav, og at vi tilbyr kurs og arrangement som bidreg til å lette og å utvikle korpsa i alt det flotte korpsarbeidet som blir gjort i regionen vår.