(*Postdoktor er ei vitskapleg stilling for ein forskar med doktorgrad som ønskjer å kvalifisere seg vidare med sikte på å oppnå professorkompetanse. Kjelde: Wiki)

– Det er viktig å stå med begge beina planta i bakken, elles misser du lett takta – særleg i crescendo-partia!

Beskjeden er tydeleg og ikkje til å misforstå. Han lever seg inn i rettleiar-rolla, følger nøye med, syng med i enkelte parti og gir positive tilbakemeldingar, før han peikar på det som kan gjerast betre – akkurat slik ein god pedagog skal gjere det.

Med eit lunt smil og konstruktive tilbakemeldingar er Morten ein god motivator for dirigentane som får prøve seg på Dirigentuka. Foto: Olga Wergeland/NMF

Med eit lunt smil og konstruktive tilbakemeldingar er Morten ein god motivator for dirigentane som får prøve seg på Dirigentuka. Foto: Olga Wergeland/NMF

Morten er opphavsmannen til Dirigentuka, Nordens største dirigentsamling i Stavanger som gjekk av stabelen for 6. gong i år. Dirigentuka er barnet til Morten. Den slepp han ikkje frå seg sjølv om han no skal forske.

– Eg kan ikkje berre kaste frå meg barnet mitt. Dette er eit eventyr, seier han og blir heilt stille, lenge.

Rekordmange deltakarar

Interessa for å delta på Dirigentuka har auka frå år til år, frå 77 fyrste året til 140 deltakarar i år.

– Kor skal det ende?

– Ja, korleis skal det gå vidare. Det har mine samarbeidspartnarar og eg vore opptatt av sidan starten i 2012. Vi prøver å finne balansen mellom fornying og det å ta vare på eit godt konsept. I år har vi diskutert korleis vi kunne gje eit godt fagleg tilbod til alle dei 140 påmelde. Vi lurer på om det er berekraftig å vekse kvart år, og korleis vi skal handtere den store interessa, men, legg han til. Det er eit luksusproblem.

– Korleis har det blitt ein slik suksess?

Spørsmålet får den sindige mossingen til å lukke auga, tenke og resonnere seg fram til eit svar. Han let pausen gje tanken rom.

Tenker store tankar langt fram

Normalt er han ein planleggar og langt-fram-tenkar som gjer at han ikkje alltid er til stades i «nuet». Det får han høyre frå kona Andrea Phipps Wensberg og så prøver han å skjerpe seg og gjere så godt han kan. Han vil eigentleg ikkje snakke om uvanane sine, men ler når spørsmålet kjem.

– Tja, eg kan nok vere hissig og utålmodig, men når eg blir trigga prøver eg å sjå på det som positiv energi. For energi har han utan at det viser utanpå.

Så var det Dirigentuka og suksessen og svaret han har formulert i tanken.

– Vi har funne eit udekka behov. Dirigentane har fått ein plass å møtast. Det er det viktigaste. Eg har heile tida hatt som ambisjon at deltakarane skal oppleve at dette er «mi dirigentveke», «mitt felt», og innhaldet skal gje inspirasjon og kjennest nært til eigen kvardag. Min klare strategi er å få til aldersspennet. For dei unge er det viktig å sjå at det er eit trappetrinn-løp å bli god.

Ein stor familie

Læringsmiljøet er alfa og omega og Morten vil unngå ovanfrå og ned-opplæring. Kvart år tar han det opp i opningstalen sin.

– Egoane har vi parkert utanfor parken. Dei er ikkje velkomne. Alle er her for å lære og dele, og utvikle seg, både dei som underviser og dei som kjem for å hente ny inspirasjon. Vi ønskjer å ta imot alle på alle nivå. Alle kan bli betre og deling av kunnskap er eit viktig perspektiv. Det trur eg vi har vore flinke å få til.

Morten sler av ein prat med med deltakarar på gangen. Foto: Olga Wergeland/NMF

Morten sler av ein prat med med deltakarar på gangen. Foto: Olga Wergeland/NMF

God stemning

I gangane i UiS sine lokale på Bjergsted er det roleg. Nokon dirigerer stille for seg sjølve, medan andre pratar to og to. Morten er opptatt av deltakarane også på gangen. Han seier hei og slår gjerne av ein liten prat på veg til lunsjbordet. Men tid til å sette seg ned har han ikkje. Dei to brødskivene med salami tek han med seg i handa på veg til Fartein Valen i Konserthuset. Stavanger Symfoniorkester (SSO), som stiller opp som øvingsorkester under Dirigentuka, spelar Sibelius og maestra Ingunn Marie Hagen, forøvrig hans dirigentstudent ved UiS, skal dirigere. Kona hans, Andrea, er profesjonell hornist i orkesteret.

– Eg ville gjerne sitje å høyre på prøve med SSO heile dagen, men det går jo ikkje, seier han i det han snik seg forsiktig ut med mobilen i handa. Facebook og følgjarar der må få eit lite innblikk i kva som skjer. Han publiserer på veg til universitetslokala medan regnet høljar ned. Men det bryr han seg lite om. Med skulderveska over ryggen, planlegg han neste trekk.

Eg ville gjerne sitje å høyre på prøve med SSO heile dagen, men det går jo ikkje

Lista i gangen over kven som skal få dirigere husorkesteret blir tatt ned frå veggen og tatt med til eit stille kontor.

– Eg må velge ut kven som skal få dirigere. Dette må eg ha hjelp til. Kven dirigerte i går og kven dirigerte dagen før? Neste år må vi lage system som lettar akkurat denne jobben, seier han og ser på kollega Trond Korsgård som er komen inn i rommet.

– Eg kan fikse system i Excel om du gir meg beskjed om det, seier Trond.

Men i år som alle tidlegare år, må han gjere ei manuell utvelging. Han stryk handa over hovudet, ser på namna, kryssjekkar mot listene frå dagane før, og gjer det han må.

Stadig på farten

I kafeen utanfor kontoret snik Lappe-lukta frå alltid-frivillige Siv Alina Fjermestad inn naseborene. 3500 steikte lappar er talet på årets Dirigentuka.

– Eg har gjort forsking på det i år, ler ho og viser blyantskriblinga på ein lapp på veggen og smiler til Morten.

– Det er ikkje akkurat slankekost, seier ho. I forbifarten forsyner han seg med ein lapp med rømme og jordbærsylte. Han skal ha eit workshop-kurs for dei som har meldt seg på.

Morten forsyner seg av lappane som Siv Fjermestad lagar. Foto: Olga Wergeland/NMF

Morten forsyner seg av lappane som Siv Fjermestad lagar. Foto: Olga Wergeland/NMF

– Kva gjer du når du skal slappe av?

– Slappe av??? Han svarar med å spørre som om han ikkje forstår spørsmålet. Og så ler han ein liten latter og tenker.

– Eg hadde ein deilig ferie med familien, kone og to barn i sommar. Vi besøkte mor til Andrea i Texas og bada i Mexicogulfen. Det var varmt, vi gjorde lite og fekk lada batteria. Dessutan hadde eg autosvar på eposten og heldt meg nesten vekke derfrå. Eg var i alle fall ikkje plagsamt ofte innom.

– Har du noko hobbyar utanom musikken?

– Eg er veldig glad i å lage mat. Vi må jo ete, seier han lurt.

– Kva er favorittretten?

– Hahaha!! Latteren sit laust. Litt av problemet mitt er at eg er veldig glad i mat. Mat og god vin er godt.

Innhaldsrik og lang CV

Nokre av styrkene til Morten er å vere kreativ, arbeidsom og strukturert. Han ser både heilheit og detaljar og brukar tid på tankane sine og på søknader han skriv.

– Det set eg pris på ved meg sjølv.

På gymnaset ville han bli journalist, men søkte seg til Musikkhøgskulen i Oslo. Han hadde ikkje ambisjonar om å bli musikar, men den vegen gjekk det med eufonium som instrument. På Norges Musikkhøgskole, NMH tok han cand.mag, som det den gong heitte.

Til meir vi lærer om dirigering, til betre val kan vi ta framover

– Det var verkeleg gøy å spele. Det fjerde året søkte eg om – og fekk – Fulbright-stipend og reiste til Duquesne University i Pittsburgh, USA der eg tok ein master. Der vart det søt musikk og Andrea vart med heim til Norge.

Morten har leia dirigentutdanninga ved UiS sidan 2010, og hatt ei deltidsstilling i Norges Musikkorps Forbund (NMF). Under hans leiing har dirigentseksjonen vakse både i storleik og omdøme. Arbeidet hans er prega av innovasjon, av samarbeid på tvers av fagfelt og på tvers av landegrenser. Han har fokus på kvalitet, frå nybegynner til ekspert. Morten Schjelderup Wensberg er mannen bak nyvinningar som Dirigentuka, talentprogrammet Opptakt, Digitale dirigentstudier, Digitale skolekorpsstudier (for dirigentar), han har bygd opp masterstudiet i dirigering ved UiS og leia Telestrator-prosjektet der UiS har tatt i bruk toppidrettens videoanalyseverktøy i dirigentutdanninga. (Prosjektet var støtta av Senter for fremragende utdanning ved Norges Musikkhøgskole, CEMPE) Kjelde: UiS

Han har også dirigentutdanning frå NMH og har studert mastergrad i orkesterdirigering med Ole Kristian Ruud. Han har dirigert mange av dei store orkestera, korps og ensemble i inn og utland. Dei seinare åra har han dirigert Stavanger Musikkorps av 1919. For tida har han ingen faste dirigentoppdrag. Dei neste to åra er det forskinga som står i fokus.

– Til meir vi lærer om dirigering, til betre val kan vi ta framover.

Profesjonalisering av dirigentrolla

– Kvifor er dirigentutdanning så viktig?

– Det er belyst frå fleire hald, lenge. I rapporten «Når hornet er lagt på hylla» som Telemarksforsking gjorde i 2010, på oppdrag frå NMF, viste resultatet blant anna at vegen å gå var å styrke dirigenten sin kompetanse. Frå dette perspektivet vart det sett ned eit dirigentnettverk som jobba med skulekorpsdirigentar i landet. Det danna grunnlaget for det digitale skulekorps-studiet som no er lansert.

– Vi hadde aldri klart å lage ei skulekorpsdirigentutdanning utan Dirigentnettverket sin kompetanse og resultat. Den har vore heilt uvurderleg, seier han.

Dirigentnettverket har vore heilt uvurderleg for skulekorpsdirigentutdanninga

Det har skjedd ei veldig profesjonalisering av korpsdirigentrolla. På 80-talet var det frivillige som dirigerte korps, ein musikklærar, ein forelder el.l. I dag er kulturskulen viktig aktør i dei fleste kommunar, dirigentane har meir ordna forhold og mange har høgare utdanning.

– Nokon dirigentar er fulltidsstilsette i korps, det går fint an i dag, seier han.

Morgonoppvarming på Dirigentuka 2017. Foto: Olga Wergeland/NMF

Morgonoppvarming på Dirigentuka 2017. Foto: Olga Wergeland/NMF

Om han er aldri så opptatt av å tenke framover og administrere ulike kurs og studium, har han oppdaga ein viktig ting i livet. Han stussar litt før han vel å seie noko om kva han tenkjer på, ser ut glaset, stryk handa over håret.

– Kanskje fordi eg er blitt meir vaksen, men som utøvar og dirigent har eg hatt frykteleg fokus på meg sjølv. Det har vore kjempegøy, utviklande og eg har lært meg mykje om meg sjølv og musikk. Men no har eg skifta fokus, frå meg sjølv til andre. No vil eg utvikle og gjere andre gode. Det er utruleg befriande.

No har eg skifta fokus, frå meg sjølv til andre

– Det nye fokuset har gjort noko med meg som medmenneske, opna opp andre tankesett og måten eg jobbar på. Det er godt, kjennast rett og er mykje, mykje meir meiningsfullt.

– Om eg spelar bra eller dårleg eufonium betyr lite i verda til sjuande og sist. Det eg held på med no er mykje meir viktig.