Hovudaktiviteten på gult kurs er fellesaktivetar som samspel, fellesskap og samhandling. Tidlegare år har Dovregubben og Starwars stått på programmet. I år er det ei historie om Robin Hood som gjeld. Det blir jobba fram mot ei avslutningsforestilling med både kostymer, regi og flott musikk.

Morten Øvrebekk har laga eit opplegg med melodiar og arrangert to ekstra låtar, ein frå Disneyfilmen til Robin Hood, Whistle Stop, og den andre frå den gamle låten som er skrive av Henrik den 8., Pastime with good Company.

Høyr på Youturbe:

Whistle stop

Pastime with good Company

Dette er noko av det kjekkaste eg gjer, det er det ikkje tvil om.

Musikalske eller teatralsk slagscene

Ida Olea Kongshaug er musikalsk leiar og er ansvarleg for kostymer og kulissar til framsyninga.

– Korpset er delt inn i to, Robin Hood sin gjeng og dei rike. Vi har laga kostymer til begge gruppene. Robin Hood stel frå dei rike og då skal vi lage til slagscene, eller «slåsting» på liksom.

Frå gult kurs på Jæren Folkehøgskule på Klepp.

Gult kurs 2015 på Jæren Folkehøgskule på Klepp.

– Vi skal prøve å lage litt middelalderpreg, og det blir spennande å sjå om det blir musikalsk eller teatralsk slagscene, seier Ida Olea.

Ida Olea Kongshaug er musikalsk leiar og er ansvarleg for kostymer og kulissar til framsyninga.

Fin gjeng på kurs

– Dette er noko av det kjekkaste eg gjer, det er det ikkje tvil om. Og eg trur det går kjempebra. Vi møtte borna i går og det er ein veldig flott gjeng.

Gult kurs på Jæren Folkehøgskule på Klepp, 2015

Gult kurs på Jæren Folkehøgskule på Klepp, 2015

Dei øver og øver på "Robin Hood" og og gler seg til avslutningskonserten. Foto: Ruben Nordås.

Dei øver og øver på «Robin Hood» og og gler seg til avslutningskonserten. Foto: Ruben Nordås.

Administrerer

Som tidlegare år er Ruben Nordås leirsjef og har ansvar for det administrative.

– Borna får mykje informasjon i det dei kjem. Vi informerer om kva som er lov, og kva dei ikkje får gjere. Det er eit skikkeleg tett program, frå ni om morgonen til sju om kvelden, sjølvsagt med matpausar og aktivitet innimellom, seier Ruben. I år har vi ikkje kiosk på området, men borna får gå på butikken og handle godteri. Det er viktige spørsmål dei er opptatt av når dei kjem. Primæroppgåva dei er på kurs for er jo å spele og øve fram mot forestilling på hentekonserten.

Gult kurs på Jæren: Kor er skoa mine?

Gult kurs på Jæren: Kor er skoa mine?

Foreldra bør vere stolte over borna som taklar nye utfordringar så godt som her

Leirpappa og sjef

Ruben Nordås er lærar i Sola kommune til vanleg og er leiar for 5. gong på gult kurs på Klepp. Han har bakgrunn frå garasjeband og likar å vere leirpappa.

– Eg kan ha kontroll og kustus, kan leike og aktivisere borna, medan andre tar seg av det musikalske. Eg synst det er kjekt å sjå at deltakarane veks på dei dagane dei er her. Nokon er vekke frå foreldra for fyrste gong og nokon får veldig heimlengsel. Men det går som oftast bra. Foreldra bør vere stolte over borna som taklar nye utfordringar så godt som her, seier han.

Gult kurs på Jæren Folkehøgskule, Klepp.

Gult kurs på Jæren Folkehøgskule, Klepp.

Gult kurs på Karmøy Folkehøgskule gjennomfører same opplegget som på Jæren.