Momskompensasjon

Totalt sett får 1352 korps utbetalt momskompensasjon i år på 30.187.705. Støtteordninga frå staten er den same som året før, men avkortninga er på 23,7 prosent. Dette skuldast at fleire søkjarar har høgare kostander og difor bede om kompensasjon for større beløp.

Frifond kategori A

Frifond-pengar vart utbetalt frå Norges Musikkorps Forbund i går, torsdag. Den totale summen er 19.123.900 kroner. Frifon er ei statleg støtteordning for born og unge der overskotet frå Norsk Tipping blir fordelt til lokale lag og organisasjonar. NMF Handterer tilskotsordinga til korpsa.