Nytt skjema finn du på politiet sine sider.

Ny ordning for politiattest

Frivillege må vise attest

Korpsleiarar, dirigentar, instruktørar og andre som har ansvar for born og unge i korps, må legge fram politiattest. Norges Musikkorps Forbund innførte dette kravet 1. oktober 2009. NMF har samarbeidd tett med Norges Idrettsforbund og andre organisasjonar i Frivillighet Norge som har innført krav om politiattest.

Ivareta tryggleiken

Målsettinga med ordninga er å ivareta tryggleiken til mindreårige og menneske med utviklingshemming. I tillegg er det også viktig at  frivillige og tillitsvalde  kjenner at deira personvern er godt ivaretatt.

Norges Musikkorps Forbund anbefaler korps å fornye politiattestane minst kvert tredje år, eller i samband med at ein person får endra rolle i korpset.

Søknadsprosedyre 

Den frivillige/tillitsvalde pliktar å framlegge ein politiattest til korpset og skal sjølv sende søknaden til politiet.  Dette kan gjerast elektronisk eller per alminneleg post. Før vedkomande kan søkje om ein politiattest må han/ho få ei stadfesting frå korpset på at det er eit behov for ein politiattest. Skjemaet (last ned i lenka under) skal leggast ved søknaden.

Styret i korpset skal oppnemne ein person som er ansvarleg for å handtere ordninga med politiattestar. Vedkomande skal fylle ut følgjande skjema:

Bekreftelse på formål med politiattest

Delar av skjemaet er ferdig utfylt, men det må førast på informasjon om den personen det blir søkt om politiattest for, namn på korpset, samt kva stilling vedkomande skal ha/kva oppgåve vedkomande skal utføre. I feltet «Fødselsnummer» skal kun fødselsdato påførast. Eit ferdig utfylt skjema skal overleverast til den personen som skal søke om politiattest, alternativ kan det scannast inn og sendast på epost til vedkomande.

Har teieplikt

Politiattesten blir utskriven på papir og blir sendt til adressa som er oppgitt i søknaden eller til adressa som er registrert i folkeregisteret med vanleg post. Politiet sender aldri ut attestar på e-post, og det blir heller ikkje opplyst om innhaldet i politiattestar på telefon. Politiattest blir utskriven på grunnlag av opplysningar frå politiet sine register. Politiet har teieplikt om desse opplysningane.

Politiet opplever at nokon trur dette er eit søknadsskjema, men det er det ikkje. Det er berre ei stadfesting på at vedkomande skal ha verv i foreininga/korpset/organisasjonen.

Politiet vil effektivisere

Politiet ønskjer å få til ei effektivisering av arbeidet rundt politiattestar til frivillege organisasjonar. Dei anbefaler alle som skal søke om politiattest, og som har sjansen til det, om å gjere dette elektronisk ved å følge oppskrifta på www.politi.no.

Dersom søknaden blir send pr.post, må det leggast ved søknadsskjema, stadfesting, og kopi av gyldig legitimasjon.