Populært på sommarkurs
Ryktet om at det er kjekt og lærerikt på sommarkurs på Toneheim Folkehøgskole i Hedmark og Oppland når fleire og fleire. Mandag starta 78 deltakarar på gult kurs nr. 2. Tidlegare i sommar var 85 deltakarar på det fyrste gule kurset.
Dette gir deltakar-rekord for sommarkursa på Toneheim. Totalt er det 425 musikantar på kurs i år, mot forrige rekord på 378 deltakarar.
– Det er supert og kjempeartig, seier prosjektleiar Dag Otto Jostad.
Ekte sommarkursentusiast
Han er med i arrangørstaben på 3. året. Tidlegare har han deltatt sjølv på sommarkurs kvart år sidan han var 12 – 19 år. Ein ekte sommarkursentusiast med andre ord.
– Ja, sommaren går med til dette, heile sommaren, presiserer han. Han er ein ivrig hobbymusiker og spelar saksofon i Kolbu Janitsjarkorps til vanleg.
Heile sommaren går med til sommarkurs
Fargekoda kurs
Sommarkursa i NMF-regi er delt inn i fargekodar. Gult kurs er for born i alderen 8-12 år. På dette kurset får borna vere med på samspel i korps og i grupper, dei får undervisning i musikklære og gehørspel. Kurset har fokus på samspel, speleglede, mestring og oppleving.
Avsluttar med ei forestilling
Målet for gult kurs nr.2 er forestillinga «Reise» som skal framførast på avslutningsdagen torsdag.
Det er dei musikalske leiarane som bestemmer kva forestilling dei skal lage og finn passande musikk. På kurset spelar deltakarane seg saman, får undervisning på ulike stasjonar og lærer mykje av det. Tema er blant anna eventyr, maling, messingensemble, kor og kulisse. Dette blir brukt i avslutningsforestillinga.
– Det er veldig moro å sjå utviklinga på borna, sjå kva dei lærer og kor dei veks musikalsk og sosialt på ei veke, seier Jostad.
Takk for eit kjempeflott tilbod til dagens korpsmusikarar. Dei storkosar seg
Foreldra skryt
Og foreldra er takksame på borna sine vegne.
– Takk for eit kjempeflott tilbod til dagens korpsmusikarar. Dei storkosar seg, kommenterer ei på NMF Hedmark/Oppland sin FB-vegg.
Rødt, blått og svart kurs, samt instruktørkursa er vel gjennomført i Hedmark/Oppland. Snart står hausten for døra og det deltakarane har lært skal utøvast i praksis i eige korps.