Program NM brass 2016

Det heile startar fredag kl. 0930 med 2. divisjon i Grieg sal. 5. divisjon tek til kl. 1100 i Per Gynt sal.

Omtale av pliktnummeret

Stig Nordhagen har skrive pliktnummeret «Searching for Light». Han held Composers talk i Nina kl. 1445. Fredag 1530 startar fyrste elitekorps på pliktnummeret.

Laurdag er 1. divisjon tidleg på an og startar det heile kl. 0830 i Grieg sal. Elitedivisjon sjølvvald nummer tek til kl. 1445.

Streamar frå alle divisjonar

TV 2 Sumo sender frå alle divisjonar, med ekspertar i elitedivsjon og gjestar mellom framføringane i 1. divisjon.

Festkonsert

Stavanger Brass Band held festkonserten i Grieghallen etter premiesermonien laurdag kveld. Seinare på kvelden blir det Brass Night med The Blues Brazz Collective – eit blues/soul/funk band frå Norhordland med base på Manger.

No er det berre å gle seg og ønskje alle korps som har øvd intens til denne helga lykke, lykke til!