– Sidan regionen er så stor og avstandane deretter, inviterer vi til prøvespel via SKYPE. Der blir musikalsk leiar og produsent til stades, fortel produsent i NMF Nord-Norge, Nina Therese Bakke.

Regionkorpset har ledige plassar i følgande instrumentgrupper: fløyte, klarinett, horn, trombone, euphonium/baryton og tuba.

Den som prøvespeler må framføre:

– Sjølvvald lite stykke (eller utdrag frå ein korps-note)
– Prima vista-note som blir sendt som PDF under prøvespelet.
– Rytmelesing som også blir sendt som PDF under prøvespelet.

For å prøvespele må du vere født i 2002 eller tidlegare.

Ta kontakt med Nina@musikkorps.no dersom DU eller nokon i ditt korps er interessert i å prøvespele til regionkorpset ToNN!

Prøvespelperioden er 27. august – 6. september.

Velkommen til prøvespelvia SKYPE!