I samband med Ruskendagen (Rusken saman om ein rein og triveleg by) var Glowmusic invitert for å underhalde. Glowmusic er ein kreativ verkstad med fokus på samhald, fellesskap og mestringsfølese. Gruppa tar utgangspunkt i det internasjonale konseptet STOMP, der deltakarane lagar musikk og rytme av blant anna oljefat, bilhjul, kostar og røyr.

Vi er veldig fornøgde med å ha med PULSE-deltakarane.

Gamle kjende

Malusi Summerton, Tshepo Siloto og Sikho Bevu frå PULSE-prosjektet i Norge kjenner to av medlemmene i Glow frå Sør-Afrika og vart med på «happeningen». Ante Skaug er ein av dei tre i gruppa. Han er glad for at dei tre sørafrikanarne deltok.

PULSE-deltakarane kosa seg på scena saman med Glowmusic på Ruskendagen i Oslo. Foto: Katja Furnes.

PULSE-deltakarane kosa seg på scena saman med Glowmusic på Ruskendagen i Oslo. Foto: Katja Furnes.

– Vi er veldig fornøgde med å ha med PULSE-deltakarane. Vi kjenner dei frå tida i Sør-Afrika gjennom prosjektet Bands Crossing Borders. Den gongen var dei elevar. No er vi meir på same stadium med eit likare utgangspunkt for å samarbeide.

Ordførar opna dagen

Ordførar Fabian Stang opna Ruskendagen. Miljøbyråd og Ruskengeneral var til stades. Det same var produsent i NMF Øst, Katja Furnes.

– Det var gøy å vere deltakar. Det let fint frå søppeldunkar, oljetankar, grytelokk og publikum vart fenga. Born og vaksne koste seg, dansefoten og smila kom fram.

Glow og PULSE gjorde stunt med feiekostar på Karl Johan. Foto: Katja Furnes.

Glow og PULSE gjorde stunt med feiekostar på Karl Johan. Foto: Katja Furnes.

Før Glow gjekk på scena innleia dei med eit «stunt» med feiekostar i rytmisk organisert takt blant folk på Karl Johan. Som del av framføringa brukte dei kroppsspråk, i kjent «Ante»-stil. Dei spelte blant anna framfor ei uteservering og fekk mykje latter og applaus. Dei måtte også til med fleire ekstranummer.

Sørafrikanarane frå PULSE-prosjektet vekte oppsikt under Ruskendagen i Oslo. Foto: Katja Furnes.

Sørafrikanarane frå PULSE-prosjektet vekte oppsikt under Ruskendagen i Oslo. Foto: Katja Furnes.

Alle musikarane gjekk kledd i kle frå Oslo Kommune Bymiljøetaten. Konferansieren presenterte både Glow og PULSE.

Desse utgjer den profesjonelle gruppa Glowmusic: Ante Skaug, Tone Jordhus og Nicklas Öhgren.