Nær 300 dyktige ungdomar i alderen 13 – 20 år deltok i konkurransen regionkorpsa imellom. Samlinga var ein kombinasjon av sosialt samvær, administrativt møte og konkurranse forma som konsert.

– Dette er tenkt som eit treff for ungdomane, både musikalsk og sosialt med både bowling og go-cart. Konkurransedelen er ikkje det viktigaste, seier leiar i Trondheim Ungdomskorps (TUK), Bjørn Frode Hansen.

Gamalt konsept

Eit liknande arrangement gjekk av stabelen i Lillestrøm i 2006 og har vore etterspurt av fleire sidan.

– No våga vi oss til å sette opp ein vandrepokal i håp om at nokon vil ta på seg ansvaret for arrangementet om eit par år, seier Hansen som hinta litt til Hedmark og Oppland om å arrangere neste gong.

Karen Rudi Dahl frå HOKK vann solistprisen på saksofon. Foto: Dag Otto Jostad

Karen Rudi Dahl frå HOKK vann solistprisen på saksofon. Foto: Dag Otto Jostad

Viktig arena for ungdom

Musikarar i ungdomskorpsa er blant dei dyktigaste og ivrigaste ungdomane i korpsrørsla i Norge. Fleire har starta på ei utdanning innan musikk. Dette er ungdomar som vil vere med på å bygge korpsrørsla og NMF inn i framtida. Her spelar dei saman, utvekslar erfaringar og har gode musikalske opplevingar saman med jamaldringar. Dei er viktige førebilete for dei yngre korpsmusikarane og president Rita Hirsum Lystad i NMF helsa korpsungdomane med blant anna desse orda:

– Det er viktig at de tek med dei gode erfaringane heim til eige korps og inspirerer andre korpsmusikarar og fortel andre om kor spennande det er å spele og utøve musikk.

Vil ha årlege arrangment

Helene Lavre er fløytist i Musikklaget Kornetten. Ho synst treffet var kjempeartig både sosialt og musikalsk. Ho er med i TUK og kjenner medlemmer i NoJa.

– Det er kjekt å møte jamaldringar som er interessert i musikk, og ekstra stas å treffe kjende frå Nordland Janitsjar. Dette burde vere eit årleg arrangement for ungdom som vil noko meir med musikken. Det sosiale er viktig, men hovudfokuset er på musikken og konkurranseaspektet gjer oss meir skjerpa, seier ho.

Ta med dei gode erfaringane heim til eige korps og inspirerer andre!

På Youtube kan du høyre konsertstykka frå regionkorpsa.

Diskuterer organisering av regionkorpsa

I tillegg til konserten og kåring av ein vinnar samla leiarane og administrasjonen for korpsa seg for å diskutere korleis regionkorpsa blir organisert.

– Mykje var likt, men mykje var også ulikt. Vi kan lære av kvarandre og håpar vi får til dette som ein rundgang mellom regionane. Tilbakemeldingane var svært positive, og difor håpar vi dette kan bli eit arrangement som går på rundgang. Då vil heile Norge få besøk av alle desse fantastiske ungdomane på eit eller anna tidspunkt, sler Hansen fast.

Vi er utruleg stolte over å ha dykk som representantar for vår region.

Vinnar frå HOKK

I Hedmark og Oppland gler dei seg over at deira korps vart kåra til vinnar.

– NMF Hedmark og Oppland gratulerer så mykje til alle saman. Vi er utruleg stolte over å ha dykk som representantar for vår region, står det å lese på FB-sida til NMF Hedmark Oppland.

Dommarar og premiar

Elisabeth Fossan og Eldar Nilsen var engasjert som dommarar under konkurransen. Premiane på 3000 kroner og 1000 kroner var sponsa av Yamaha/Blåsmo Musikk i Trondheim. Solistprisen var ein pokal.

HOKK som vann konkurransen vart dirigert av Morten Fagerjord spelte desse stykka:
Concert March Arsenal av Jan Van der Roost.
Lux Aurumque av Eric Whitacre
Banja Luka av Jan de Haan
Bønder i byen av Sverre Bergh, instr. Edward B. Nilsen.

Desse 5 korpsa deltok:
RUK frå Rogaland, HOKK, Hedmark Oppland kretskorps, ToNN, Troms og Nordre Nordland, TUK, Trøndelags Ungdomskorps og NoJa, Nordland Janitsjar.

Ole Tom Eriksen har lagt ut video frå alle innslaga på Youtube. Her finn du nokre utdrag:
NoJa dirigert av Irene Anda: Theatre Music by Philip Sparke
RUK dirigert av Jacob Wilhelm Larsen: Radio Days 1945
ToNN dirigert av Erlend Eide: Pastime with good company arr. Trond Elnes og Windows of the World, by Peter Graham.
TUK dirigert av Michael Antrobus: Fragmotion by Svein H. Giske

Her eit klipp av NoJa:

Her er eit klipp av HOKK: