NMF har som mål at minimum 20 % av dei tillitsvalte på alle nivå skal vere ungdom under 26 år. Alle korpsa blir derfor oppfordra til å sende ungdomsrepresentantar.

Nokre regionar har tilbod om ungdomkonferansar, andre legg opp til fagkonferanse/kurs i etterkant av tinget med nyttig innhald for tillitsvalde i både skulekorps, generasjonskorps og vaksenkorps.

Medlemskorps har fått tilbod om å sende inn saker som dei meiner er viktige og bør behandlast på tinget.  Valkomiteane i kvar region har jobba for fullt og personar er oppfordra til å ta kontakt om dei har lyst til å bidra i organisasjonen.

Regionting i NMF våren 2015:

NMF Sør (Sandefjord, 15. mars) Nytt styre i NMF Sør.
NMF Øst (Drammen, 26. april)
NMF Hedmark/Oppland (Hamar, 11. april)
NMF Trøndelag (Stjørdal, 19. april)
NMF Nordvest (Nordfjordeid, 12. april)
NMF Nord-Norge (Narvik, 18. april)
NMF Hordland (Bergen, 25. april)
NMF Rogaland (Stavanger, 18.-19. april)