Kvart år får rettleiarar i korps tilbod om å møtast for å diskutere, høyre på kvarandre og utveksle erfaringar frå sitt korps. Alle regionane i organisasjonen er representert, og i år er det berre erfarne rettleiarar med på samlinga.

Korpsbyggar i Norges Musikkorps Forbund Per Einar Fon er tilretteleggar og har sett digitalisering, inkludering og kulturskulen på agendaen.

Inkludering

Mange korps tenker og vil inkludere, men er usikre på korleis få det til i praksis. Prosjekleiar for inkludering i NMF, Katja Furnes skal seie noko om kva inkludering handlar om. Katja har jobba med dette i fleire år og vil kome med gode innspel.
To av PULSE-deltakarane frå Sør-Afrika er aktive med i samlinga med deira erfaringar frå arbeid i korps i Sør-Afrika.

Kulturskulen

Kulturskulen har kome med ny rammeplan og nye fagplanar. Spørsmålet er kva dette kan ha å seie for korpsa, og kva krevst for å få realisert mogelegheitane som ligg der.

Digitalisering

I ein digitalisert kvardag er det naturleg å stille spørsmålet om korleis dette kan brukast til å bygge korps.

– Vi må sjå på alt vi kan gjere for å gjere kvardagen for korps enklare, og digitaliseringa kan kanskje hjelpe oss til å arbeide på ein lettare måte. Det skal vi i alle fall diskutere, fortel Fon.

Viktig samling

Dette er viktige samlingar for alle som jobbar med veiledning i korpsa i NMF.

– Vi har foredragshaldarar, jobbar saman i grupper og prøver å vere så konkrete som mogeleg i forhold til korpskvardagen. Vi jobbar kontinuerleg med å få til utvikling til beste for medlemskorpsa i NMF, seier Fon.

Vi jobbar kontinuerleg med å få til utvikling til beste for medlemskorpsa i NMF