Dei er mange på kurs, svært mange. Heile 90 unge musikantar frå 14 – 19 år fyller Vefsn Folkehøgskole til det ytterste. I år har dei måtte ta i bruk sovesal på grunn av mange deltakarar og ombygging av skulen.

– Men det går heilt fint. Alle er innstilt på at dette skal gå bra, og då går det bra, seier sjef for kursa på Vefsn, Anne Guri Frøystein.

Alle er innstilt på at dette skal gå bra, og då går det bra

Prosjekt «Talentutvikling i Barents»

Frøystein er musikkonsulent i NMF Nord-Norge og initiativtakar til prosjektet «Talentutvikling i Barents», støtta av Barentssekreteriatet. Det er eit progarm mellom russiske og norske ungdomar som skal gje musikalsk og sosial utvikling. Eva Kozema (17) er ei av dei. Ho spelar obo og har delteke på kurs i Norge tidlegare.

– Eg synst det er veldig gøy og lærerikt å spele i korps og få vere med og oppleve den norske musikalske kulturen og samanlikne den med den russiske. Å få sjansen til å delta i ensemble på konsert og få spele solo er ei god erfaring å ha med seg

Å få sjansen til å delta i ensemble på konsert og få spele solo er ei god erfaring å ha med seg

Og nettopp erfaring er det som bringer pianist, lærar og reiseleiar Milena Brentz hit for 4. gong.

– Erfaringa frå kurset tar eg med meg heim til Russland. Musikantane som blir utvald frå Russland spelar gjerne instrument som ikkje er så vanleg i korps. Dermed kan russerane bidra med ny kunnskap til korpsmusikantane og omvendt.

Elev Eva Kozema og lærar Milena Brentz har kome frå Russland til kurs i Norge.

Elev Eva Kozema og lærar Milena Brentz har kome frå Russland til kurs i Norge.

Individuell oppfølging

På kurset i Mosjøen får alle utfordringer både når det gjeld speling og teori. Dette er kurs for dei som har spelt nokre år og ønskjer utfordringar gjennom solospel, ensemblespel og krevande musikkstykke. Her treff musikantane gamle sommarkursvener og blir kjent med nye.

Frøystein har med seg fleire instruktørar, men vil trekke fram Einar Fjervoll som ein fantastisk dyktig kapasitet.

– Han får fram det beste i kvar enkelt, og han motiverer og inspirerer slagverkarar til å satse på det som instrument.

Han får fram det beste i kvar enkelt

NoJa startar sesongen på sommarkurs

Nordland Janitsjar (NoJa) utgjer deler av kurset og har si fyrste samling her. Nina Frøshaug (17) og Magnhild Flått Bakkerud (17)  er med i NOJA og har vore på kurs år etter år.

– Ja, dette er 5. året på rad. Her får eg ein kickstart på sesongen og får spele meg opp litt etter sommarferien. Det er både sosialt og eg lærer veldig mykje. I år forventar eg å bli betre på instrumentet mitt. Eg spelar fløyte og har nettopp kjøpt meg piccolo og har Anne Guri som lærar. Ho er svært inspirerande og eg håpar å få betre klang i instrumentet, seier Nina.

Til vanleg går ho på vidaregåande skule i Nord-Trøndelag og spelar i Brønnøysund Musikkorps og Kolvereid Hornmusikklag.

Her får eg ein kickstart på sesongen

Magnhild har ikkje heilt tellinga på kor mange år ho har vore på kurs, men sånn ca 6 -7 gongar. Ho spelar altsaksofon i Mo skolekorps.

–  Å spele utan notar er kult. Eg håpar å bli betre på gehørspeling. Eg spelar også sopransaksofon, men mest eigentimar med lærar.

Eg håpar å bli betre på gehørspeling

Mina Førshaug og Magnhild Flått Bakkerud kjem på kurs år etter år.

Mina Førshaug og Magnhild Flått Bakkerud kjem på kurs år etter år.

Superviktige sommarkurs

Frøystein meiner kursa er viktige for motivasjonen framfor ein nye sesong.

– Dette er kjempeviktig! Dei dannar eit grunnlag og ungdomane kjem tilbake til korpset sitt med mykje inspirasjon og spelelyst framfor haustsesongen. Og så er det unikt for musikantane i Nordland å få spele i blåsekvintett med obo, fløyte, klarinett, horn og fagott. I Nordland er det få, om nokon som spelar fagott og obo. Det er to instrument som ikkje  vanlegvis er representert i korps, og viktig å få vist fram desse instrumenta, seier ho.

Tar til takke med sovesal

Mina og Magnhild ligg på flatseng i gymsal, deler dusj med mange andre, men har det veldig kjekt.

– Vi bur i ein kjellar og har det veldig koseleg. I går fortalde vi spøkelseshistorie om kvelden,  men sovna til slutt alle saman, og vi fekk dusja. Det er litt spesielt, men det er berre å vere positiv, ler Nina.

Vil tilbake

Eva frå Russland har sove godt fyrste natta. Ho har fått god utsikt frå rommet sitt og kjem gjerne tilbake neste år.

– Det er nesten blitt ein tradisjon å reise til Norge og Mosjøen kvar august.

Kurset blir avslutta med ein konsert med STOR K, søndag 9. august.