Skiens Skolemusikk går nye vegar. Til helga deltek dei for fyrste gong på UKM i Skien. Dei er godt førebudde og gler seg til å spele konsert for eit ungt publikum.

– Det er viktig å vise oss fram på konsertarenaen også. Alle veit at vi øver og speler i gata på 17. mai, men vi er så mykje meir, seier leiar Marit Karlsen. Ho har sjølv barn i korpset og alle musikantane er spurt på førehand om dette er noko dei ville prioritere.

Mange har kanskje berre sett oss på 17. mai, men vi spelar HEILE året! Vi deltek i konkuransar og held konsertar fleire gongar i året.

Krevande musikkstykke

– Alle er med på det. Korpset med dirigent Rolf Kittilsen har valt å spele eit stykke som heiter «El Camino Real». Det har høg vanskegrad og er krevande å spele. Men dei kan det godt.

– Dette er positivt, viktig og ein litt utradisjonell arena å synleggjere korps i lokalmiljøet, seier dagleg leiar i NMF Sør, Finn Arne Dahl Hanssen.

Konkurrerer på Hjertnesfestivalen

Helga etter UKM skal korpset delta på Hjertnesfestivalen der dei konkurrerer i 1. divisjon. «El Camino Real» er eit av to stykke dei skal framføre i konkurransen i Sandefjord.

Vi kan spele nesten all slags musikk i korpset – alt frå pop/rock, filmmusikk til klassisk.

Det veks godt i korpsrekkene i Skien. Utanom sjølve skulekorpset på 30 medlemmer, er det fleire aspirantar og juniorar som spelar i korps. Til helga skal dei vere publikum og heie fram korpset sitt, Skiens skolemusikk i UKM, Skien.

– Det er viktig at musikken sit godt når dei skal vise seg fram for ungdommar på sin eigen alder og yngre, seier Karlsen.

Kan kome vidare til fylkesmønstringa

Årets mønstring for deltakarar frå Skien og Porsgrunn blir arrangert i Ibsenhuset fredag og laurdag. Dei som går vidare får delta i fylkesmønstringa 21. – 22. mars.

Les også: 100 prosent frammøte