Stavanger

I Stavanger deltek 38 brasskorps fordelt på tre divisjonar til konkurranse i Stavanger Konserthus laurdag 18. juni. Korpsa kjem hovudsakleg frå dei to vestlandsfylka Hordaland og Rogaland.

Som vanleg er det festkonsert laurdag kveld. I år spelar Oslo Brass Band. Dei har med seg fantastiske Sigvald Fersum som solist på slagverk. Han vart kåra til «Årets musiker» i Ungdommens Musikkmesterskap 2016.

Larvik – janitsjar og korpsdrill

I Larvik møtest 40 janitsjarkorps fordelt på tre divisjonar laurdag 18. juni. Konkurransen føregår i Kulturhuset Bølgen og Sliperiet. Laurdag kveld er det festkonsert og premieutdeling i Arena Larvik med HMK Gardes musikkorps. Med på laget er Øystein Baadsvik, verdsleiande tubaist. I tillegg vil verdsmeister Tihomir Bendelja frå Kroatia ha drilloppvisning. (Artikkelen held fram under bildet.)

Drilldans duett NM Korpsdrill 2011. Foto: Atle Ommundsen

Drilldans duett NM Korpsdrill 2011. Foto: Atle Ommundsen

Tre dagar til ende

Fredag til søndag er det NM korpsdrill med 560 deltakarar frå 48 korps fordelt på 470 startnummer og dommarar frå tre nasjonar. Drillkonkurransen føregår i Arena Larvik. Laurdag kveld er det premieutdeling og EM-uttak i Majorettes (paradedrill). Søndag kveld er det avslutningsseremoni, premieutdeling og EM-uttak Twirling og Drilldans.

Her finn du programmet og fylkesvis oversikt for både NM skolekorps brass og NM skolekorps janitsjar/korpsdrill.