NM brass går av stabelen i Grieghallen i Bergen 3. og 4. februar. Her møtest brassband til konkurranse i seks ulike divisjonar. Det er svært god påmelding til NM brass. Heile 79 korps har meldt seg på i konkurransen. Eikanger-Bjørsvik Musikklag spelar festkonsert og Fana Big Band står for BrassNight.

Nytt i år: Program.no-app. Last appen ned på telefonen og få programmet, spelerekkefølgja og resultata rett til telefonen.

appbilde

Android: https://goo.gl/IsblEC
iPhone: https://goo.gl/gYwnId

Her finn du programet for NM brass 2017

Festkonsert med EBML

Eikanger-Bjørsvik Musikklag har i ei årrekkje vore eit av dei leiande brassbanda i Europa. I år er det dei som spelar festkonserten laurdag kveld. Dei har stor spennvidde i repertoaret, framført med høg musikalsk kvalitet. Dette har gjort ensemblet kjent langt utover Norges grense. Dei siste åra har korpset tatt nye steg framover. Dei har fått plass på festivalar som ikkje tidlegare har prioritert korps. Dei har blant anna vore på programmet på Vossajazz og vore med på Autunnalen, ein festival for ny musikk.

EBML er klar for festokonsert under NM brass

TV2 Sumo 

Konkurransen blir også i år sendt på TV2 Sumo. Alle divisjonar blir streama på nett-tv. Det betyr mange timar med brass-fokus fredag 3. og laurdag 4. februar. Frå NM-studio på scena har vi med ekspertkommentator i elitedivisjon, fredag og laurdag. I 1. divisjon kjem gjestar i studio, og det blir rapportar frå scena rett etter at korpsa er ferdig å spele.

Nytt av året er at musikken blir lagt på Spotify og kan strømmast derfrå i etterkant av konkurransen.

Fana Big Band

I år er det Fana Big Band som spelar opp på BrassNight etter festkonserten. Fana Big Band er eit allsidig storband med medlemmer frå Bergens-regionen. Musikalsk leiar er Michael Barnes frå Melbourne i Australia. Repertoaret spenner frå ballroom og klassisk storbandjass til funk, rock og latin.

Speleliste pr fylke

Kontaktinfo elitedivisjon
Kontaktinfo 1. divisjon
Kontaktinfo 2. divisjon
Kontaktinfo 3, divisjon
Kontaktinfo 4. divisjon
Kontaktinfo 5. divisjon

NM-programmet 2017:

Fredag:

Elitedivisjon plikt: Grieg-salen kl. 1530
2. divisjon: Grieg-salen kl. 0930
3. divisjon: Peer Gynt-salen kl. 1600
5. divisjon: Peer Gynt-salen kl. 1000

Laurdag:

Elitedivisjon sjølvvald: Grieg-salen kl. 1445
1. divisjon: Grieg-salen kl. 0830
4. divisjon: Peer Gynt-salen kl. 1100
Festkonsert med Eikanger-Bjørsvik Musikklag og premieutdeling kl. 2045
BrassNight med Fana Big Band ca kl. 2215 (Straks etter premieutdelinga)

Rekkefølgja på pliktnummeret blir trekt fredag og offentleggjort kl. 13.30.

Les meir om NM brass 2017.

Følg #NMbrass og @nmfkorps på sosiale medier denne helga, både på Facebook, Twitter, Instagram og Snapchat.

Illustrasjon NM brass 2017