Eg vil gjerne sei takk! Tusen takk! Det var ei utruleg veke. Kanskje den beste i mitt liv… Å få spele i IBBSS var fantastisk! Pamela Busset, Flugel, Sveits

Det var mange begeistra brassmusikarar etter brasskurset i University of Wales, Swansea i august i år. Det deltok 120 brassentusiastar frå mange land. Blant anna USA, Norge, Sverige, Luxembourg, Nederland, Sveits, Irland og Storbritannia. Dei som kom lengstreisande var frå Japan og HOMER, Australia.

Mange gjorde store framskritt i løpet av kurset, og vil takke Nickolas og familien.

Eg var ganske nervøs på førehand (….) Det var godt organisert og atmosfæra i løpet av veka var rett og slett fantastisk. Nico Lustberg, Nederland

Internasjonalt kjende lærarar

Det er professor Nickolas Childs og administrator Alison Childs som arrangerer kurset. Dei har henta inn internasjonalt kjende lærarar som Richard Marshall og Chris Turner (Black Dyke), Owen Farr, Gary Curtin, David Thornton, Brett Baker, Joseph Cook og Matthew Routley.

Hardt arbeid og fritid

Dette er eit kurs for dei som ønskjer å friske opp brasskunnskapane sine. Målet er å spele saman for å bli betre, men også å få nye venner. Det er absolutt plass til å nyte fritid mellom musikkslaga. Og har du ein partner med, kan også vedkomande kose seg utandørs i flotte omgjevnader.

For ei heldig dame eg er. Eg fekk privat undervisning frå Richard Marshall, framifrå læring frå dirigent Nick Childs og eg fekk møte Peter Graham. Ei flott veke! Laura Grass, USA

Etter ei flott veke med mange gode høgepunkt var det gallakonsert med gjestesolistane Gary Curtin og Joseph Cook med mange publikumarar, og sjølvsagt med fest i etterkant.

Lower brass IBBSS. Foto: IBBSS

Lower brass IBBSS. Foto: IBBSS

Interessert?

IBBSS 2015: 31. juli – 6. august 2016

For meir informasjon kontakt IBBSS Administrator, Alison Childs, 07802 771735 eller e-post alison4horn@btinternet.com

The International Brass Band Summer School blei gjort mulig med støtte frå partnarane våre, samt Besson, World of Brass, The British Bandsman, Trevada Music, GK Design, Rath, Geneva og Kapitol Promotions.