Det vart som venta, men også som frykta. I politikken er det mykje snakk om grønt skifte, og politikarar er både blåe og raude. For NMF si side må det nok seiast at kulturdelen av framlegget til statsbudsjett for 2017 er heller grått.  Det er heilt klart at her lyt ein bretta opp ermene, gå saman med allierte på kulturfeltet og troppa opp på budsjetthøyringa.

Status quo

Budsjettet er eit omfattande dokument og det kan vera krevjande å finna fram i alle detaljane. Ved første augekast kan det sjå ut for at situasjonen for oss og anna frivillig kulturliv vil verta rimeleg «status quo».

Interessant å sjå utfall av satsingsområde

Nokre område innan kultur er så heldige at dei har fått heidersnemninga «satsingsområde». Gratulera til dei! Det er også fint å merkja seg at budsjettet inneheld positive enkeltpunkt som kan verta interessante å sjå realiseringa av. Dette gjeld slikt som auka talentsatsing og auke for ordninga med gåveforsterking. Det ser likevel ut for at situasjonen for det frivillige kulturfeltet generelt vil vera rimeleg status quo, og at det er einskildområde som gjev grunn til uro.

Auken svarar ikkje til behovet

Ser ein bak tala ser ein at mykje vert som dei har vore dei seinare åra; løyvingane utviklar seg ikkje i tråd med utviklinga elles. Eit av døma her er midlane avsett til momskompensasjon. Rett nok er det auke i løyvd beløp, men talet på dei som skal motta kompensasjon aukar, og alle mottakarane som høyrer inn under ordninga får auk utgifter. Det same gjeld grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane; auke er der, men svarar ikkje utvikling og behov.

Kulturbygg-utvikling går feil veg

NMF har saman med andre kulturorganisasjonar arbeidd i lang tid for å få offentleg mynde til å auka stønad til bygging av tenlege kulturbygg. Vi har levd i den tru at slike bygg kan samanliknast med idrettsanlegg. Idretten får neste år ny påplussing til si anleggsutvikling, og det er jo heilt strålande! Vi er sjølvsagt ikkje like nøgd med at tilskota til kulturbygg har utvikling som går stikk motsett veg. Slik ulik utvikling har gått føre seg over mange år, og vi hadde i det lengste håpa at det no skulle snu.

Håpte på Kulturalliansen

Vi har lenge lurt på kva som skal til? Oppmodinga frå departementet har då gjerne vore at kulturfeltet må samla seg i «korpsformat» i dialogen med dei styrande.

Dette var også bakgrunnen for at Kulturdepartementet i 2015 finansierte eit utgreiingsarbeid for å sjå på om det var mogeleg å etablere ein eigen samarbeidsorganisasjon for dei frivillige kulturorganisasjonane. Utgreiinga vart ferdigstilt våren 2016, og som ei følgje av dette gjekk 30 frivillige kulturorganisasjonar saman om å stifta Kulturalliansen, og NMF har valt å engasjera seg i dette arbeidet. På stiftingsmøtet 5. september vart det valt eit interimsstyre som skal konkretisere organisasjonen sine oppgåver vidare, fram mot årsmøtet i 2017.

Kulturalliansen arbeider for eit landsomfattande og variert kulturtilbod for alle innbyggarane, med utgangspunkt i dei mange kulturaktivitetane som m.a. NMF organiserer. Målet er å skape større påverknad i kulturpolitikken, auka gjennomslagskraft og betre rammevilkår for det frivillige kulturtilbodet.

Overraska over utfallet

Kulturdepartementet fekk på forsommaren overlevert utgreiinga saman med ein søknad om driftsmidlar for 2017. Utgreiinga peikar tydeleg på behovet for ei samanslutning for det frivillige kulturfeltet, og har også peikt på naturlege arbeidsområde som vil tena både kulturorganisasjonane og det lokale kulturlivet. Vi som er med i interimstyret er difor overraska over at ikkje organisasjonen er tilgodesett med midlar i forslaget til statsbudsjett for 2017.

Vi merkjer oss vidare at regjeringa framleis, og endå meir enn før, set si lit til at kulturlivet og frivilligheten skal ta vesentleg rolle i løysinga av ei rekkje utfordringar i samfunnet. Då vert det litt merkeleg at ikkje våre område vert utropte til satsingsområde.

Må finlese detaljar

No vert det å setja seg inn i detaljane i framlegget, vurdera kva desse vil bety for medlemmene våre, samarbeida med allierte og påverka det beste vi kan.

Sjølv om framlegget ikkje gjev dramatiske endringar ynskjer vi at bodskapen i eit kulturbudsjett skal kunna verta endå meir…velklingande.

Karl Ole Midtbø, generalsekretær i Norges Musikkorps Forbund.