– Målet er å hevde oss i toppen. Det kan vi absolutt gjere om vi har ein god dag, seier Stine Lillesund som er leiar av musikkutvalet i SBB.

Målet er å hevde oss i toppen, Stine.

Krevande og kjekke stykke

Årets pliktnummer er eit nyskrive verk med tittelen «Fraternity» av komponisten Thierry Deleruyelle. Eit stykke med inspirasjon frå ei av Europas største gruveulukke i Lens i Nord-Frankrike i 1906. Kva sjølvvald verk dei skal framføre er ikkje offentleg. Det er lukka bedømming i EM der dommarane sit bak forheng for å ikkje vite kven som spelar.

– Stykka vi speler er krevande, men utruleg kjekke og publikumsvennlege. Ho trur på ei god steming i salen.

Stine Lillesund i SBB er leiar av musikkutvalet. Foto: Privat

Stine Lillesund i SBB er leiar av musikkutvalet. Foto: Privat

Eit svært godt korps

Totalt 50 personar frå SBB er i Lille Frankrike på EM brass. Blant medlemmene finn vi profesjonelle musikarar, musikkstudentar og særleg flinke amatørar, 35 i talet.  SBB har i mange år vore eit av Europas leiande brassband og den posisjonen ønskjer dei å halde på.

Tøff konkurranse

EM er ein av dei tøffaste konkurransane for brassband og du kjem dit etter å ha blitt best i Norge. I år tapte dei fyrsteplassen med knappast mogeleg margin, men i fjor (2015) vart dei norgesmeister.

– Uansett skal vi levere to fantastiske konsertopplevingar og til sjuande og sist er det dommarane i boksen som bestemmer, seier Lillesund. Ho gler seg veldig til meisterskapen saman med alle dei andre.

– Vi har ikkje spelt i EM sidan 2008, så dette er ei stor bragd for korpset. Vi har verkeleg kjempa dei siste åra for å kome dit vi er i dag, og det er vi stolte over.

Vi har verkeleg kjempa dei siste åra for å kome dit vi er i dag, og det er vi stolte over, Stine

Konkurrerer mot Cory og Black Dyke

Eli Hatlehol spelar 2. kornett i SBB og var også med til EM i fjor, men då med European Youth Brass Band (EYBB). Ho gler seg skikkeleg.

– Det er veldig stort for meg å skulle konkurrere mot band som Black Dyke og Cory Band, og eg er svært spent på kvar vi kjem til å plassere oss. Men alle er innstilte på å vinne. Og så gler eg meg skikkeleg til å spele for ein fullsett sal med brassband-nerdar frå Heile Europa. Eg håpar stemninga i salen og rundt arrangementet blir minst like god som i fjor. For meg blir det ein heilt annleis tur når eg faktisk skal vere med å konkurrere sjølv.

Eli Hatlehol er ein av 35 musikarar som konkurrerer i EM brass 2016. Foto: Privat

Eli Hatlehol er ein av 35 musikarar som konkurrerer i EM brass 2016. Foto: Privat

Det er veldig stort for meg å skulle konkurrere mot band som Black Dyke og Cory Band, Eli

Til vanleg studerer Hatlehol klassisk utøvande musikk, og øver mykje. Ho gir dirigentane stor ære for å hente ut det beste i musikarane.

Vi speler krevande stykke og folk jobbar kjempehardt både individuelt og i grupper for å få det til å lyde bra. Dirigentane jobbar nøye med detaljar som må på plass, og det har gjort at korpset har vakse mykje i denne oppkøyring.

Hardt arbeid

Allan Withington er sjefdirigenten og dirigerer dei i meisterskapen, og Stian Svendsen har hatt ei vesentleg rolle i heile oppkøyringa. Kvar tysdag og torsdag har dei faste øvingar og før denne meisterskapen har dei hatt tre øvingshelgar i tillegg til øving kvar dag dei siste to vekene.

Vi kan berre seie LYKKE TIL!

Portrett: Sindre Skjøld i SBB

Pliktnummeret i EM fredag og det sjølvvalde stykket laurdag blir streama.

Tertnes Skoles Musikkorps deltek i EM brass, development section.

Får spele med dei beste.