Hedmark/Oppland regionkorps (HOKK) spelar konsert i Maihaugsalen i samband med Ungdoms-OL på Lillehammer søndag 14. februar. Frå NMF deltek over 70 flotte ungdommar frå regionkorpset HOKK. Nokre av dei skal ha eit fellesnummer saman med strykarar frå Lillehammer symfoniorkester og Lillehammer kulturskole.

«Sjoggfest»- kulturprogram

Konserten er gratis, og er ein del av «Sjoggfest», som er kulturprogrammet under UngdomsOL 2016 på Lillehammer.

Drill på opningsseremonien

Ungder UngdomsOL 2016 deltek også 10 drillarar i alder 13 til 19 år frå Kringsjå Drilltropp på opningsseremonien. Dei har to minutt på scena rett før atletane skal defilere inn.

Kringsjå Drillklubb, Lillehammer framfor UngdomsOL på Lillehammer-banner

Kringsjå Drilltropp, Lillehammer.

Lokale kulturuttrykk

Karen Rudi Dahl (18) spelar til vanleg altsaksofon i Hammartun skolekorps og er med i Fåberg Musikkforening. Ho er med i regionkorpset blant anna for å få utfordringar musikalsk. Til helga samlast korpset til øving og ho gler seg spesielt til konserten.

– Ja, eg trur det blir bra. Det blir morsomt å spele på ungdom-OL. Det er mange kjende artistar som Aurora og Highasakite, men eg synst det er fint at dei tar inn lokale artistar også og at yngre folk får vere med å bidra.

– Kva forventningar har du til å spele i Maihaugsalen?

– Sidan eg bur i Lillehammer har eg spelt der før, men det er eit bra konsertlokale og det er veldig morsomt å spele i eit større lokale. Elles spelar vi ofte i mindre lokale og auditorium, seier ho.

Skryt av dirigenten

I regionkorpset er dei unge, flinke og mange. Heile 70 musikarar er med under leiing av Morten Fagerjord. Han får gode skussmål frå Karen.

– Han er god til å velje ut notar som passar besetninga vår i HOKK. Stykka er morsomme å spele og passe vanskelege. Og så er han flink til å la alle instrumentgruppene spele, utan for mykje terping og venting.

Karen Rudi Dahl. Foto: Privat

Karen Rudi Dahl. Foto: Privat

Øving-øving-øving

– Gler du deg til samlinga med HOKK-gjengen?

– Ja, vi har det sosialt og fint i lag. Denne gongen har vi ikkje fått mykje nytt stoff å øve inn, så vi held fram med stykka frå tidlegare samlingar. Vi skal ha øving alle tre dagane i helga før konserten, så det blir mykje speling. Nokre av medlemmene skal vere med å spele Finlandia av Sibelius som fellesnummer saman med strykarar i Lillehammer symfoniorkester.

– Der får ikkje saksofonane lov å vere med dessverre, men det blir fint å høyre på då, seier ho.

Fokus mot helg

I fjor vår vann Karen solistprisen i regionkorpskonkurransen i Trondheim og HOKK tok fyrstepris blant regionkorpsa som deltok. Som medlem i Fåberg Musikkforening øver Karen også til NM janitsjar i Trondheim i mars. Men dei næraste dagane er det HOKK, Maihaugsalen, konsert og ungdoms-OL som gjeld.

– Vi har ein drømmedag på vidaregåande under UngdomsOL, og då vil eg få med meg isklatring og kanskje skiskyting. Elles vil eg dra på eit par konsertar av unge kjende musikarar.

Desse stykka skal HOKK spele på konserten :
The Olympic Spirit av John Williams
Arabian Dances, Brian Balmages
Sigma av Rolf Løvland
Gopak, Modest Mussorgsky
Windows of the world av Peter Graham

Lykke til!