To av Forsvarskorpsa er truga av nedlegging.

Samhald og kultur viktigare enn nokon gong

Heile korps-Norge er oppmoda om å samle seg til ein nasjonal markering utan instrument, men med fanene sine utanfor Stortinget måndag 10. oktober til støtte for Marinemusikken i Horten og Luftforsvarets Musikkorps i Trondheim. Revyartist og sangar Hilde Louise Asbjørnsen er ikkje i tvil om kva ho meiner.

– Luftforsvarets musikkorps og Marinemusikken har eit stort publikum, og er forsvarets ansikt utad i ei tid der samhald og kultur blir viktigare enn nokon sinne. Det å samarbeide med forsvarskorpsa har vore til stor inspirasjon for meg som komponist og songar.

Foto: Lillian Julsvik

Foto: Lillian Julsvik

Omstrukturering

I budsjettet til Forsvarsdepartementet som vart lagt fram torsdag er det foreslått ei omstrukturering frå fem til tre profesjonelle korps, i tillegg til etablering av ei felles sentral leiing. Dette skal gjennomførast innan 31. desember 2017. Potten til kulturelle og allmennyttige formål i forsvaret blir kutta med 19 millionar. Forslaget har skapt sterke reaksjonar og skuffa folk. Trompetist Tine Thing Helseth skal delta på markeringa i Oslo og seier dette er ein skandale.

– Forsvarskorpsa er noko av det viktigste vi har i norsk kulturliv, både i historisk samanheng og ut mot folket i dag. Dei er eit folkeleg bindeledd mellom Forsvaret og vanlege folk. Dei spreier musikk, glede og fellesskap på det høgaste nivå. Eg har sjølv vakse opp med å høyre desse korpsa og det dei representerer har vore med på at eg er musikar i dag.

Korps i Norge hadde aldri vore det same utan dei. Thing Helseth

Trompetist Tine Helseth. Foto: Ida von Hanno Bast

Trompetist Tine Thing Helseth.
Foto: Ida von Hanno Bast

– Forsvarskorpsa representerer ein unik tradisjon. Korps i Norge hadde aldri vore det same utan dei. Dette er viktig både for det profesjonelle og frivillige musikklivet! Dei er en inspirasjon for alle glade korpsmusikanter rundt om i landet, og ein framtidig arbeidsplass for dei musikarane som blir utdanna her i landet, på toppnivå, seier Thing Helseth.

Det er en skandale for norsk musikkliv om nokon av korpsa blir lagt ned. Thing Helseth

Skremmande

Under markeringa skal Asbjørnsen framføre si eiga låt, «Alaska», frå albumet «Månesjuk». Den vart arrangert av Marinenmusikkens eminente arrangør Erik Eilertsen for Luftforsvarets Musikkorps’ nyttårskonsert i 2013.

– Ein ting er at eg sjølv har hatt mange festlege konsertar og opplevingar med desse flotte musikarane gjennom fleire år. Men symbolikken ved å legge ned den delen av forsvaret som jobbar for samhald, kultur og musikalsk glede akkurat no, er skremmende og dramatisk. Kom og støtt, er Asbjørnsen si oppfordring.

Symbolikken ved å legge ned den delen av forsvaret som jobbar for samhald, kultur og musikalsk glede akkurat no, er skremmende og dramatisk. Asbjørnsen

Thing Helseth skal framføre Libertango av Astor Piazzolla.

Dramatisk for korps-Norge

Generalsekretær i NMF, Karl Ole Midtbø, skal halde appell under markeringa. Han meiner det er dramatisk det regjeringa gjer no.

– I ei tid då regjeringa har eit hovudfokus på å berga og skapa arbeidsplassar, vert det mildt sagt eit paradoks at over 60 arbeidsplassar for profesjonelle musikarar vert radert bort. Dette er også svært dramatisk for oss i NMF. Det finst knapt eit anna land i verda der musikkorps-, og særleg skulekorpsaktivitet står så sterkt som  hos oss. Det hadde nok ikkje vore slik om det ikkje var for det Forsvarets musikk har betydd opp gjennom åra. Framleis er det svært sterke band mellom våre eigne korps og Forsvarets musikk, og det er m.a. overmåte viktig av vesle Ole kan kjenna på at han er del av det same kulturelle fellesskapet som den profesjonelle korpsmusikaren, skriv han blant anna i appellen.

Karl Ole sommer generalsekretær

Foto: Håkon Mogstad/NMF

Det er rett og slett eit begredelig budsjett

– Skandaløst å kutte

– Det er rett og slett eit begredelig budsjett. Å legge ned 63 profesjonelle musikarstillingar over natta er skandaløst, seier forbundsleiar i Musikernes Fellesorganisasjon (MFO), Hans Ole Rian. MFO står som arrangør av markeringa framfor Stortinget og han oppfordrar også flest mulig om å møte opp på støttemarkeringa for Forsvarets musikk.

Tid: Måndag 10. oktober kl. 1700
Stad: Eidsvolls plass/Stortinget
Konferansier: Åse Klevland
Medverkande: Hilde Louise Asbjørnsen, Tine Thing Helseth, Karl Ole Midtbø, generalsekretær i NMF og Trine Skei Grande (V). Og sjølvsagt Forsvarets Musikk.

Samler korpsfaner foran Stortinget

Resolusjon frå NMFs Landsmøtet 2016: Ja til profesjonelle musikkorps i hele Norge!