Forfattar: Robert Kvam

10 raude gode grader, sol inn vindauga.

I går kveld var det ikkje slik, men eit musikkorps på Vestlandet og i Sogn kan ikkje stoppe marsjøving på grunn av regn. Nei, her var det berre å kle på seg regnantrekk frå topp til tå! Var på plass cirka 20 min før start, trommisane var der alt, klar for å sale på utstyr! So kjem dei, ein etter ein av musikantane, men smilet er litt tyngre å få fram! Skal me ut? I dag? Det regnar! I augene deira ser eg eit håp om at dirigenten rekapitulerar, og seier: Nei!

Men det gjer eg ikkje. Eg svarar med eit spørsmål: Kva om det regnar på 17. mai? Kva då?

Dei fleste har kledd på seg og eg går ut på plassen for å blåsa i fløyta for oppstilling. Der ser eg eit gledeleg syn. Hornisten som melde avbud kjem likevel. Det vart for kjedeleg heime svarar ho, og svingar bæremeisen med den 7 månader gamle guten på ryggen og tek althornet på magen! Respekt!

Kornettane nektar å spela! Me er igang med promotion og det regnar. Det går for sakte, ropar dei. Då hjelpte det ikkje å la det gå seg til idag! Full stopp av korpset midt i vegen! Dirigenten går litt fram og tilbake mellom rekkene og ser ekstra hardt på trommisane, formanande om tempo, tempo, tempo!

På `an igjen! Full klaff, full fart, smilande unge i bæremeisen! Været letnar og korpset spelar bra. Me kjem til marsjen som tidlegare var utfordrande å starte og få opp tempo på! Men dei fiksar den og. Yes!

Kult tenker eg, og ser bak meg på 5. klassingen med tenoren hengande i reim over skulderen. Ho smiler og tek seg ein pause i spelingen.

So tenker eg på ivrige korpsmødre som stiller opp i korpset rett etter fødslar med unge! Og spelar! Guten i bæremeisen har sovna, gyngende til forslag frå stortromme i ryggen og etterslag frå mori på althornet!

Me tek ein liten pause i busskuret. På returen stoppar me ved kyrkja og øver på «korps, høgre, om» og spelar eit vers av Fagert er landet.

Kvelden blir avslutta inne med lenger pause, med is til kalde og blaute musikantar.

Ei god øving. It’s good to be the King!