Før jul vart åtte regionale meisterskap avvikla. No får dei 128 av dei beste frå dei regionale meisterskapa sjansen til ny, verdfull konserterfaring.

Kjem frå heile landet

Aksel Hovdar spelar i Christiania Blåseensemble frå Oslo (vinnar av NM janitsjar 2015) og Skage Rollheim Larsen spelar slagverk i Tasta skolekorps (Stavanger) Begge to har vore med tidlegare og er spente før helga.
– Eg håpar fyrst og fremst å gjere eit godt inntrykk og få konserterfaring. Det er litt viktig å få ei god gjennomkøyring, seier Aksel Hovdar.

Mer om UMM her

Begynte som 8-åring

Aksel er ferdig med bachelor i musikk på Norges Musikkhøgskole og skal søke om master same plass. Han framfører det same programmet som han vil bruke til master-opptaket.
– Eg skal framføre eit moderne solostykke for klarinett av Edison Denisov og The Première  Rhapsodie (First Rhapsody) for klarinett og klaver av Claude Debussy.
Aksel starta si klarinett og korpskarriere i Lørenskog skolekorps då han var 8 år. Som student ved musikkhøgskulen er han programforplikta til å øve.
– Eg må jo øve litt, men eg går ikkje å tel timar. Det blir vel 3-4 timar om dagen, seier han.

Bonus å kome til superfinalen

Skage Rollheim Larsen spelar klassisk melodisk slagverk og skal framføre tre ulike stykke på marimba til helga. Desse er: Libertango – originalskrive av Astor Piazzolla, men arrangert for marimba av Eric Sammut, «Humlens flukt», eit musikkstykke komponert av Nikolaj Rimskij-Korsakov og Ghanaia av Mattias Schmitt.

14-åringen var også med i UMM for to år sidan. Då kom han til finalen og fekk inspirasjonspris, og eit gåvekort frå Noteservice.
– Eg har eit slags mål om å kome til finalen. Alt kan skje, men sidan eg har gjort det før veit eg at eg kan spele. Eg gjer dette fordi det er kjekt å halde på med, men det er sjølvsagt ein bonus å kome til superfinalen. (Berre fem kandidatar kjem vidare til superfinalen søndag)

Speler på 5 oktav marimba

Skage er ein scenevand ungdom. Han har spelt både på solist-RM (Rogalandsmesterskapet) og vunne eit par gongar, og han er med på talentutviklingsprogrammet i Bjergsted.
– Men det blir spennande å spele i Oslo. Eg har øvd mykje. Det stykket eg skal spele har eg øvd inn etter den regionale finalen, og eg måtte låne ein større marimba med 5 oktavar. Den fekk eg låne med meg heim i jula og no øver eg kvar dag på kulturskulen + eit par timar i tillegg med spelelæraren min, fortel han.

Til Oslo tek han med seg familien som støttespelarar og heiagjeng.

Fleire prisar

Årets musikar kan vinne 50.000 kroner og fyrsteprisvinnar i klasse 2 blir Årets talent. I tillegg skal publikum bestemme kven som får UMMs publikumspris.

Jubileum

I år blir UMM arrangert for 50. gong. UMM, tidlegare Ungdommens Pianofestival skal markerast med ein jubileumskonsert laurdag kveld. Mesterskapet blir arrangert av Norsk kulturskoleråd, Norges Musikkorps Forbund og Musikkpedagogene Norge. Norges musikkhøgskole er arena for mesterskapet.

I år blir det konkurrert i disiplinane piano, messingblås, slagverk, treblås og kammermusikkensemble.

NMF ønskjer alle saman lykke til!