Publisert 19/05/2015 - Oppdatert 30/09/2015 Forfatter: Håkon Mogstad

Ungdommens Musikkmesterskap - meld deg på!

Frå i år er Ungdommens Musikkmesterskap, UMM flytta i tid for å følgje skuleåret. Dei ni regionale meisterskapa er i oktober/november 2015 og den nasjonale finalen 23. og 24. januar 2016.

Finale i Oslo
Du kvalifiserer deg til den nasjonale finalen gjennom å delta i eitt av dei regionale meisterskapa. I år er det klassar for treblåsarar, messingblåsarar, slagverk, piano og kammermusikk (ensembler frå 2 – 10 musikarar).

Det blir arrangert regionale UMM i Oslo, Bergen, Stavanger, Ålesund, Trondheim, Tromsø, Alta, Sandefjord og Kristiansand.

Påmeldingsfristen er 1. oktober.

For meir informasjon, reglement og påmelding klikk deg inn på: umm.no.

UMM
UMM er eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund, Norsk Kulturskoleråd og Musikkpedagogene Norge.

Loading