Toppkorps

Eikanger-Bjørsvik Musikklag  (EBML) har dei siste åra invitert med seg ulike toppkorps til ein felles konsert i Grieghallens Foajè. Tidlegare gjester har vore Stavanger Brass Band og Dragefjellets Musikkorps. Denne gongen var det Bergen sitt eige forsvarskorps sin tur.

Viktig tiltak

Nestleiar i EBML, Viggo Bjørge seier dette er eit viktig tiltak for at toppkorps i Noreg møtes.

– Med så mykje til felles både musikalsk og historisk, er det flott for oss å dele scene i lag.

Fleire musikantar spelar eller har spelt i begge korpsa gjennom mange år, og mange dirigentar vitjar begge ensembla. Han trekkjer fram at sjølv om ein begge er geografisk nær og har temmeleg lik profil, møtest ein altfor sjeldan.

Forsvarets Musikkorps Vestlandet i Grieghallens foajé.

FMKV i Grieghallens foajé

Rollemodellar

Sjøforsvarets Musikkorps (SFMK) er eit av fire forsvarskorps i landet. Omlag 30 profesjonelle musikarar er tilsette i korpset. Som EBML, er SFMK viktige aktørar i lokalt og nasjonalt kulturliv og er viktige førebilete for korpsmusikantar i heile landet.

Med så mykje til felles både musikalsk og historisk, er det flott for oss å dele scene i lag.

Sveitsisk ekspertise

EBML henta sveitseren Michael Bach for å leie korpset i si avdeling. Med seg i kofferten hadde han eit spanande repertoar med sveitsiske komponistar og arrangørar. Sveitsaren er til dagleg dirigent for Bürgermusik Luzern, som han er regjerande europameister med!

Bach var godt nøgd med mottakinga han fekk i Noreg.

– Det er alltid spanande å vitja eit nytt korps utanlands, og me har heldigvis funne tonen særs godt.

Lokal helt

Ein lokal kjenning var på sine heimtrakter med SFMK. Bjørn Sagstad frå Meland er eit kjent og kjært navn for musikantar i korpsrøyrsla, og framførte i går eit variert og spanande repertoar samen med Kongens menn og kvinner.

Populær konsert

Konserten var godt vitja med ei imponerande stor aldersspreiing i publikum. Alt frå tidlegare musikantar og pensjonistar til neste generasjon korpsstjerner møtte spente opp for å sjå korpsa i aksjon. Ein fullsett foajè likte godt det dei høyrde, i begge avdelingar.

Både EBML og SFMK går ein travel vår i møte. For EBML ventar ei hektisk oppkjøyring til europameisterskapet i Freiburg, medan SFMK har som vanleg eit høgt aktivitetsnivå med konsertar og ulike prosjekt i byen.

Tekst: Svein Fjermestad