Eikanger-Bjørsvik Musikklag, (EBML) Tertnes Skoles Musikkorps og Manger Skulemusikklag reiser for å forsvare dei norske fargane i EM brass og European Youth Brass Band Championship (EYBBC) siste helga i april.

EBML og Tertnes Skoles Musikkorps kvalifiserte seg til EM ved å vinne NM i 2016. Tertnes vann også EM 2016 og dermed får Manger Skulemusikklag som tok 2. plassen i NM også delta i EM.

Norges stiller med andre ord sterkt i konkurransane og fram til no har dei alle øvd på kvar sin kant, spelt seg saman og hatt seminar for å vere best mogeleg førebudde. Måndag kveld får du høve til å høyre eit av våre fremste elitekorps og to av våre fremste skulekorps innan brass.

EBML

– Vi gler oss veldig til å reise. Korpset har øvde mykje, nesten kvar dag og stemninga i korpset er god. Alle er trygge på seg sjølve og det dei skal framføre. Ingar Bergby som dirigerte dei til NM-siger i år har gjort ein fantastisk jobb og han er med til EM, seier leiar i EBML, Stig Ryland.

Er du ikkje i Belgia kan du få med deg konkurransen via livestreaming 28. og 29. april. 

Annleis oppkøyring

EBML har hatt ei annleis oppkøyring til EM enn tidlegare. Korpset har hyra inn landslagstrenar for roarane tidleg på 2000-talet, Tore Solvang (som i dag bur på Askøy). Han har inspirert dei og snakka om prestasjonskultur, treningskultur og om det å sette seg mål og strekke seg litt kvar dag, for å bli betre. Han har overført det som toppidrettsutøvarane er opptatt av.

– På mange måtar driv Eikanger med toppidrett, bortsett frå at dei har det som fritidshobby. Dei får ikkje trent like mykje, men måten og innstillnga liknar, seier Ryland.

Det er ei påkjenning både mentalt og fysisk å delta i musikkonkurransar på høgare nivå. Ryland fortel at det er fleire som har begynt å trene for å halde seg frisk, særleg rett før eit mesterskap.

– Eg trur det er mange som har fått seg ei aha-oppleving om det å vere i god fysisk form, sjølv om ein sit i ro og øver/spelar.

God førebuing

Tertnes Skoles Musikkorps og Manger skulemusikklag har også førebudd seg med øving og seminarhelgar. Konsertprogrammet i EYBBC på 20 minutt skal innehalde eit solistnummer, eit pliktnummer og fritt val utover det.

– Vi merkar på stemninga at musikantane gler seg. Turen til EM i Lille i Frankrike i fjor var topp på alle måtar, seier leiar i Tertnes Erlend Stenhjem. Det er spesielt å spele på ei stor scene. Dei gler seg og gruar seg også litt. Men det viktigaste er at dei går av scena og kjenner etterpå at dei har gjort så godt dei kunne, seier han. Dirigent for Tertnes er Jan Egil Jørgensen.

Kornettrekka i Terntes Skoles Musikkorps øver til EM. Foto: John Vint.

Kornettrekka i TSM øver til EM 2016. Foto: John Vint.

Spente og motiverte

Manger Skulemusikklag med dirigert Thorgeir Thunestvedt har vore i EM-konkurranse tidlegare. I 2014 vann dei EYBBC i  Scotland. Med 2. plassen i NM skolekorps 2016 (etter Tertnes som innehar europameistertittelen) er dei på ny klar for Europa.

– Borna gler seg veldig. For meg som ny leiar frå februar er det skrekkblanda fryd. Men vi skal følgje med borna og følgje dei opp og ha det kjekt i lag. Alle er spente og svært motiverte, seier leiar i Manger, Laila Vabø Hermansen.

Ho fortel at dei har fått med åtte juniorar og er eit relativt ungt korps.

– Vi har vore heldige med lite utskifting, men i år er det likevel ganske mange som ikkje har vore med før.

Gabriel Sylta Soltveit, Hubert Gregor, Kristoffer B. Antonsen i Manger skulemusikklag. Foto: Olga Wergeland/NMF

Gabriel Sylta Soltveit, Hubert Gregor, Kristoffer B. Antonsen i Manger skulemusikklag som vart euorpameistrar 2014. Foto: Olga Wergeland/NMF

Godt støtteapparat

Alle tre korpsa har ein god supportergjeng i ryggen. Til saman rundt 200 foreldre, søsken, besteforeldre reiser med for å oppleve, heie dei fram og gje musikantane støtte.

Andre arrangement

I tillegg til korpsa frå Norge, er Marte Rolfsen tatt ut til dirigentkonkurransen.

Tre ungdomar, Vebjørn Thunes, Cecilie Maria Eikaas og Sverre Rødde Knutsen reiser for å spele i EYBB. EYBB består av ca 40 musikarar frå heile Europa som møtast kvart år i samband med EM brass.

Stein Skorpholm stiller også i år som konferansier, medan Torstein Aagaard-Nilsen er dommar i elitedivisjon sjølvald nummer og i dirigentkonkurransen.

Eit av dei sjølvvalde stykka som skal spelast i EM brass er «Goldberg 2012» av Svein H. Giske.