– Vi er litt usikre på når ideen om å danne eit korps dukka opp, men anten på NM janitsjar-festen i fjor eller på heimtur med Gjøvik bykorps dagen etter vart vi einige om at det hadde vore moro å delta i Lotto-divisjonen i år. Målet var eit reint ungdomskorps, med ungdom frå 18 – 25 år.

Frå Lotto til ekte janitsjar

David Hveem er kontaktperson for korpset og fortel at planen var eit bi-instrument-band som konsept i Lotto-divisjonen (der alle som vil kan melde seg på og kan vinne pengar frå Norsk Tipping). Vi var lenge i tvil om vi skulle setje planen ut i live. Dirigenten vår Ola Fredheim Haug vart med på laget og foreslo at vi også burde delta i NM, som eit ordentleg janitsjarkorps.

Ungt korps

Og der er dei no. Det ungdommelege korpset tel 39 medlemmer, kjem i utgangspunktet frå Gjøvik, Toten og Hadeland. Sidan ideen starta blant ungdommane i Gjøvik Bykorps er mange med der, men fleire av dei er også med andre stader, bl.a Kolbu Janitsjar, Eina Musikkforening, Toten Janitsjar, Hov Musikkorps og Skjold Nesttun Janitsjar, og fleire av dei deltek i NM.

– Men sidan vi rekrutterer via «venners venner» og folk etter kvart har fått høyre om oss har vi fått medlemmer frå bl.a Toneheim Folkehøgskole og Garden.

Blir lagt merke til

Sist helg konsertdebuterte dei i H/O-mesterskapet for vaksenkorps og kom på 13. plass.

– Det var svært spennande og utruleg gøy. Sidan dette var fyrste framføring for folk var vi ivrige, og gleda oss mykje til å endeleg kunne presentere korpset for folk. Mange i Hedmark og Oppland har høyrt om oss, og mange har lurt på kva korps dette eigentlig er. Det synst vi naturlegvis er morsomt. At vi blir lagt merke til er moro for oss som bruker ein del tid på det. Det var ekstra gøy at det kom såpass mange for å høyre på oss søndag. Forhåpentlegvis klarer vi å slappe av litt meir på fredag slik at resultatet blir endå betre, seier Hveem.

Kva forventningar har de til NM?

– At det skal bli heilt fantastisk moro, rett og slett! Vi håpar naturlegvis at vi gjer det bra i 7. divisjon, men det aller viktigste er at alle involverte er fornøgde og sit igjen med ei god kjensle etter konserten, og at dette er noko vi vil gjenta neste år. Om vi også klarer å rekurttere nokre i løpet av helga, kan dette nesten ikkje bli betre.

«The legend of Celobrium»

Fredag spelar dei eit stykke av Philip Sparke «The legend of Celobrium». Hveem fortel at det er eit veldig fint stykke med mange flotte temaer, men det er mykje å gjere i alle stemmer.

– Det var viktig for oss å finne noko som både var overkommeleg, sidan mange har mykje å gjere i andre korps, og samtidig ikkje for kjedeleg. Eg trur vi har blitt meir og meir glad i det etter kvart som vi har jobba med det. Stykket fortel ei fin historie, og det har vore ein flott prosess å jobbe med stykket fram mot NM

Øver kvar søndag

Korpset hadde si fyrste øving i september, og har øvd ein søndag i månaden sidan det. Etter jul har dei hatt to helge-øvingar i tillegg.

– Sidan mange spelar i fleire korps har det ikkje vore heilt enkelt å få det til å passe for alle kvar gong, men vi blir i alle fall alle på scena fredag, spøker han.

Kva ambisjonar har korpset?

– Tja, vi håpar på ei plassering i det øvre sjiktet av divisjonen. Men det viktigste er at vi er fornøgde med eigne prestasjonar når vi går av scena. At dommarane meiner vi ikkje lever opp til namnet hadde også vore ei morsom tilbakemelding å få.

Ustemt-namnet

Namnet vart til då planen var å kun delta i Lotto-divisjonen som bi-instrument-band, og sidan har det berre blitt ståande.

– Vi har i alle fall funne eit namn som vekkjer litt oppsikt, og det er jo gøy, avsluttar kontakten i Musikklaget Ustemt.

Både Lottodivisjonen og 7. divisjon går av stabelen fredag. Musikklaget Ustemt er fyrst ut i Lottodivisjonen kl. 1300. I 7. divisjon spelar dei 1745.