Leiar for musikkavdelinga i Escape Travel, Rolf Egeland, er veldig opptatt av at korpset som skal på tur har tenkt over kva turen skal koste.

– Vi har vore borti mange eksempel på korps som har hatt store vyer, men berre har småpenger. Det er viktig med debatt i foreldregruppa og korpsstyret. Då blir det mykje lettare å velge tur etterpå. Ofte er program og felles oppleving viktigare enn reisemålet.

Han oppfordrar korps om å kontakte ein turoperatør eller reisebyrå som kan hente inn tilbod om ulike reisemål for korpset. Då får korpset det dei ber om.

– Kva fallgruver er der?

– Det vi har opplevd mest av er at korpset ikkje har forsikra seg godt nok. Ein del korps som ordnar turar sjølv står gjerne igjen utan garantiar og forsikring, og må dekke eventuelle tap sjølve. Og då er det ikkje snakk om små summar, men kanskje fleire hundre tusen kroner, seier Egeland.

Han meiner korpset kjem best ut om dei brukar ein turoperatør som kan gje garantiar, har god økonomi, er seriøs og bunden til reglar og regelverk.

– Det er enkelt å bestille flybillettar, men så kjem alt det andre som kan oppstå av problem som flystreik, busstreik, askeskyer o.l. Det er viktig å ha sikkerheit for at turen blir gjennomført trass i problem som kan oppstå. Det er store summar det er snakk om.

Ein annan ting det er lurt å vere merksam på er at fleire og fleire land er svært strenge på å la nokon få arrangere konsertar. Og noko av det kjekke med å reise på korpstur er å få spele konsert saman.

– Vi opplever mange som ringer og lurer på om vi kan ordne berre konsertar for korpset.

Det gjer dei gjerne for dette er ikkje lett å få til sjølv. Det er eit papirvelde utan like. Systemet i mange land er tungrodd. Søknaden skal gjennom politiske instansar til godkjenning og om prosessen kjem seint i gang, kan korpset plutseleg bli ståande utan ein plass å spele.

– Fordelen med å velje en seriøs operatør er det store kontaktnettet som man har i Europa og USA.

I land som Storbritannia, Irland, Skottland, Italia og Tyskland blir det meir og meir vanskeleg. Korpset må ha forsikring i det landet dei skal spele i, for politiet ber om slik forsikring.

-Då kan vi gje garantiar, fordi vi kjenner systemet, seier Rolf Egeland

Egeland har høyrt uheldige historier om korps som får erstatningsansvar om nokon tilhøyrarar skader seg under ein konsert.

– Det er mange ulike aspekt, og eit rigid system som det er viktig å vere klar over når korpsturen skal bestillast, seier han.

 

Til slutt nemner Egeland at korps ofte har mykje bagasje med seg (instrument tek plass) som lett kan føre til store ekstrakostnader om korpset ikkje tek høgde for det.

– Her har seriøse operatørar som regel gode avtalar og ryddige forhold. Det ER lurt å bruke profesjonelle for å unngå problem.