Dette blir ein storkonsert der Grethe W. Tonheim og Marius Hesby er solistar og korpset blir dirigert av Ingar Bergby.

– Vi synest det er veldig kjekt at eit tidlegare medlem har komponert noko til oss, og at eit tidlegare medlem kjem tilbake som solist (Grethe), heiter det frå korpset.

Verket som skal urframførast er finansiert av Det norske komponistfond.

I tillegg til Giske sitt verk får du høyre Toccata av Heaton og Lutoslawski sin Concerto for Orchestra.

Dette skjer søndag 6. desember og alle skulekorpsmusikantar kjem gratis inn.

Billettar kan du kjøpe i døra for kr. 150,-/100.