På sommartur til den populære Gøteborg-festivalen opplevde Klyve skolekorps frå Skien det som ingen ønskjer skal skje. Medan borna besøkte Liseberg, braut nokon seg inn i korpsbussen og stal med seg ni instrument.

Fekk hjelp av arrangør

Kva gjorde de utan instrument på korpstur?

– Dette kunne blitt eit kjempeproblem, men vi var kjempeheldige. Vi gir all ære til arrangøren som støtta og hjelpte oss i situasjonen. Gøteborg Music Festival stilte opp og fekk lånt instrument frå lokale forhandlarar og kontaktar som dei hadde. Og vi fekk låne instrument av nabokorpset vårt Haukerød skolekorps, fortel nestleiar Helge Bjertnes.  Gøteborg Music Festival kan verkeleg stille opp og rydde i problem som dukkar opp. Vi er kjempefornøgd med arrangøren som har halde kontakten i etterkant, spurt kor det går, lagt inn musikkforretningar, funne løpenummer, prøvd å spore opp instrumenta osv. Ja, dei har gjort ein kjempejobb og fortener skryt!

Hjelp frå Sparebankstiftelsen

Då dette skjedde kom det oppslag i lokalavisa, og dagen etter vart dei kontakta av Sparebankstiftelsen. Dei ville dekke tapet, uansett utfall.

– Det einaste vi sat igjen med var eigenandelen på forsikringa på 9000 kroner.

Klyve skolekorps har god vekst og mykje av instrumenta er relativt dårlege fortel Bjertnes. Dei sendte difor inn ein generell søknad til Sparebankstiftelsen med ønskje om støtte til å oppgradere instrumenta.

– Det gir speleglede og mestring å spele på nye instrument, seier Bjertnes.

Fekk støtte

Svaret kom to veker etter.

– De får 150.000 kroner i støtte, i tillegg til at eigenandelen vart dekt, svarte stiftelsen.

I helga hadde korpset overnattingsseminar og på hentekonserten vart pengane formelt overrekt.

– For vår del er dette ei lita solskinshistorie. Eg trur dei fleste er fornøgde etter turen. Vi har fått erstatta det som vart stole og sit igjen med ei god historie og ei oppleving av det unike samhaldet som finst i korpsbevegelsen, avsluttar han.