– Dette har vore spennande, utfordrande og utruleg lærerikt. Alle har jobba hardt og intenst. Det er ikkje berre lett å regulere borna og halde interessa oppe i fleire timar og dagar utan å kunne kommunisere gjennom felles språk, fortel prosjektleiar Silvelin Havnevik i NMF.

Eit samansett korps for konserten. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Eit samansett korps til konserten. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Men gjennom musikken, rytmen, dansen og sangen har dei øvd til konsert og framføring for foreldre, klassekameratar og bebuarar på mottaket. Inkluderingsprosjeketet har vore eit flott samarbeid med fleire aktørar som korps, Ung i kor Vest, PULSE, NMF Hordaland og ikkje minst mottaket på Landås.

Barnekor på scena leia av Thulani i Pulse. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Barnekor frå Haukeland på scena leia av Thulani i Pulse. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Økonomisk støtte frå kommunen

Dagleg leiar i NMF Hordaland Randi Kvinge seier Bergen kommune har gitt økonomisk støtte til prosjektet og det har vore heilt avgjerande for å kunne gjennomføre prosjektet på mottakssenteret.

– Vi håpar å få til liknande prosjekt vidare. Å gje born og unge gode og sterke musikkopplevingar er viktig og meiningsfylt, seier Kvinge.

600 flyktningar frå Syria, Afghanistan, Iran og Irak bur mellombels på mottaket på Landås. Dei er menneske på flukt frå krig i heimlandet. I dag er det mange nye mottak i heile landet.

Erfaringsoverføring

Havnevik i NMF fortel at dette er eit godt høve å få kjennskap til korleis det er mogeleg å jobbe retta mot mottak.

– Vi vil skape gode relasjonar og gjere borna interessert i musikk og på den måten inkludere dei i det norske samfunnet. Mange korps har vist interesse for samarbeid, og dette kan vere vår måte å bidra på. Erfaring frå dette prosjektet kan hjelpe oss vidare mot målet om å drive inkludering i korps.

Field Band-metodikk

Ho snakkar på inn og utpust om kor viktig dette er.

– No fekk vi sjansen til å test ut korleis PULSE-teamet kan jobbe inn mot slike prosjekt, ved å bruke Field Band-metodikken – å spele etter gehør, lytte, og for dei minste – ape etter instruktøren.

Full konsentrasjon når dansen skal innøvast. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Alle dei seks instruktørane har jobba hardt denne veka. Særleg har det vore utfordrande å halde interessa oppe blant dei yngste gutane. Men torsdag snudde det og dei fekk eit slags «gjennomslag», dagen før framføringa av dei to konsertane.

Ho skryt av både barneansvarleg på mottaket, Jonny Becher Eriksen som hentar elevane ut frå SFO og køyrde dei til opplegget kvar dag, heile veka, og dagleg leiar i Ung i Kor – Vest, Marius Dale Romslo. Han hadde med teikneark, blyantar og brettspel til pausen.

– Då spelte og teikna borna side om side og var klar til ny konsentrasjon på konsert nummer to.

Høgdepunktet på mottaket

Becher Eriksen er svært takknemleg for opplegget.

– Vi har fått ei gåve, ferdig tilpassa, følgt opp av dyktige musikarar og koordinatorar. Dei har gitt oss ei oppleving som vi vil leve lenge på. Og tilbakemeldingane frå bebuarane er gode. Dette er høgdepunktet på mottaket så langt.

Fantastiske korpsmusikantar

Også musikantane i korpset får skryt. Dei utgjorde ensemble og var representert frå Lyderhorn skolebrass og Ulriken janitsjar.

– Dei var fantastiske! Tolmodige! Og dei var skikkeleg flinke, skryt Havnevik.

Godt bidrag i inkluderingsarbeidet

Kvinge håpar prosjektet skaper interesse for korps og musikk og kan vere eit godt bidrag i inkluderingsarbeidet.

– For borna på mottaket håpar vi dette har skapt ei gryande interesse for å spele i korps eller drive med musikk. Vi håpar også at foreldra har opplevd gleda ved det musikalske fellesskapet borna var med på, seier Kvinge.

Og felles oppleving = gjensidig respekt og venskap.

To ukjende har funne kvarandre på mottaket og blitt gode vener. Foto: Olga Wergeland/NMF.

To ukjende har funne kvarandre på mottaket og er blitt gode vener. Foto: Olga Wergeland/NMF.