Seinast sist veke vart NMF forsøkt svindla. Ein faktura på 20.000 kroner frå eit medierådgjevingsselskap frå Kongsvinger var rein svindel. Heldigvis vart det oppdaga og saka blir meldt til politiet og Forbrukarrådet, som listar opp namn på svindlarar.

NMF sin advokat seier det av og til dukkar opp slike saker frå korps.

Gode råd

Kva er viktig å vere obs på dersom det dukkar opp ein faktura i posten?

Rådet er å sjekke med den som står oppført som bestillar på fakturaen, om det faktisk ER gjort ei bestilling, eller om tilsendte «ordrebekreftelse» faktisk er reell. HAR nokon faktisk bestilt det som fakturaen viser til?

Fornying av gamal avtale

Dei siste åra har vi sett mange eksempel på at svindelforøket gir seg ut som «fornying» av ein allereie eksisterande avtale, og det blir bede om ei stadfesting/bekreftelse på at opplysnigane framleis stemmer.

Signatur

Nokon er sågar smarte nok til å be om å få ein signert avtale i retur – og då sit ein i saksa og må betale ut avtaleperioden. Det er gjerne ein avtale som går over fleire år. Pengar betalt til inga nytte.

Så pass på og kontroller fakturaen nøye!!!