Les om TrønderbraZZ

TrønderbraZZ er eit korps eller musikkgruppe for psykisk utviklingshemma i Trondheim og kommunane rundt. Denne helga, 5. – 7. juni arrangerer dei korpsfestivalen «VI VIL 2015», for og med ungdom og vaksne. Alle spesialkorpsa frå heile landet er invitert. I tillegg kjem to utanlandske korps, eit korps frå Albania og eit frå Færøyane.

Bussar kjem seint

Thorleif Eliassen er basmann for festivalen og fortel at det meste er i rute. Men nokre utfordringar dukkar altid opp.

– No har eg nettopp mottatt beskjed om at to av bussane kjem to timar for seint til Trondheim. Dette er med på å utfordre oss, men vi taklar det. Hotella tek imot gjestane om dei kjem seint. Dei går kanskje glipp av eit leiarmøte, men det er noko vi ikkje rår over. Deltakarane vil ikkje merke det anna enn at dei får mat litt seint, sler han fast.

3. kvart år

Dette er ein festival som er blitt arrangert kvart 3. år sidan 2000 og går på rundgang mellom korpsa. Dei 8 korpsa i landet blir også omtala som spesialkorps.

Oppmarsj og konsert

I morgon skal dei ha oppmarsj frå Torget kl.1000, om dei klarer å spele og gå samtidig eller ikkje.

– Då er vi heile gjengen samla og får vise oss fram med uniform. Alle er med,  seier Eliassen.

Seinare på dagen har dei tre arenaer i Nordre gate der korspa skal spele både før og etter lunsj.

Dans, korps og sang

Det blir mykje liv og røre i byen denne helga. Det er sangens- og musikkens dag i regi av Kulturnettverk Trondheim, med dans, sang og korps.

– Ja, det blir livleg i byen og vi er med, seier Eliassen. Han oppfordrar trønderar å ta turen til byen denne helga.

Desse korpsa har fått invitasjon og er klare for festivalhelg
Tveiterås Skolekorps i Bergen
Vasshjulet Tut og Blæs, Lillehammer
Haug Musikkorps i Bærum
Austjord Musikkorps, Hønefoss
Utsiktsbakken Brass Band, Lillehammer
Torshovkorpset i Oslo
Brastistic frå Elverum

I tillegg kjem også dei to utanlandske:
Ælabogin frå Færøyane og Trupa Muzicore frå Albania

Kor mykje jobb er det å arrangere ein slik festival?

– Eg kan ikkje skryte av at alt har gått knirkefritt. Det tettar seg alltid litt til mot slutten. Medaljane kom fyrst i dag, frå andre sida av Trondheimsfjorden og programheftet er akkurat ferdig. Det har vore slitsamt, men det går bra, forsikrar han oss om.

NMF ønskjer TrønderbraZZ lykke til!