Geir Waage (Ap) er opptatt av born og unge sine vilkår i trønderkommunen og har vore ein av pådrivarane for å få på plass, både ein utstyrspott til kjøp av nye instrument og søtte til vanleg drift.

Vil betre rammevilkåra

– Eg veit sjølv frå min eigen korpsbakgrunn at det går mykje tid med til loddsal, flaskeinnsamling både for korpsmedlemmer og foreldre. Å løyve midlar til skulekorpsa handlar om å betre rammevilkåra og senke terskelen for å lære seg eit instrument.

Geir Waage (Ap) vil vidareføree instrumentfondet til skulekorps i Trondheim. Foto: Trondheim Ap

Geir Waage (Ap) vil vidareføree instrumentfondet til skulekorps i Trondheim. Foto: Trondheim Ap

I 2014 løyvde sentrum-venstrepartia ein eigen utstyrspott til skulekorpsa i byen med 1,5 millionar kroner som eit eingongstiltak finansiert av overskotet frå drifta av kommunen året før. I 2015 la politikarane ein sum på 500.000 kroner inn i budsjettet.

Stor suksess

I budsjettet som blir lagt fram til politisk behandling i haust foreslår rådmannen at potten blir vidareført i 2016.

– Utstyrspotten (Instrumentfond) har vore ein stor suksess, og søknadsmengda viser eit stort behov for desse pengane, skriv rådmannen i si tilråding til bystyret.

Instrument er dyrt

Det er ikkje automatikk i at rådmannen foreslår ei vidareføring sidan politikarane ikkje seier dei skal vere permanente. Men dette blir gjort fordi både administrasjonen ser at dette er eit godt og nyttig tiltak for born og unge, samt at dei politiske føringane blir oppfatta dit hen at dette skal vidareførast. Waage fortel at utstyrspotten/instrumentfondet heng nøye saman med tilskotet til vanleg drift i skulekorpsa.

– Det som kostar mest for korpsa er unekteleg instrument. Lykkast vi med å få fleire born til å spele eit instrument og vere medlem av eit korps, oppnår vi målet om å bli Norges beste kommune på barne- og ungdomskultur. Vi er klare og tydelege på at det er det vi satsar på, seier Waage.

God dialog med NMF Trøndelag

Trondheim har hatt ei veldig positiv utvikling dei seinare åra. Waage har vore i god dialog med NMF Trøndelag som har peika på viktige utfordringar i korpsa lokalt. Han har lytta og støtta opp om at utviklinga held fram. Han meiner at alle kommunar burde løyve pengar til kjøp av instrument i skulekorps.

– Eg trur det er viktig å få fleire born til å spele eit instrument. Å mestre eit instrument gjev lykkefølelse og i korps lærer born og unge å delta i det sosiale fellesskapet som gir mange positive eigenskapar og dette påverkar igjen læringsevna på andre område. Alle kommunar vil tene på det, meiner han.

Det er Ap, SV, Sp, Krf og Mdg som står bak fleirtalet om denne saka i bystyret. Opposisjonen har ikkje hatt dette med seg i sine budsjett.

Bergen kommune har også eit instrumentfond for skulekorpsa