Ragnhild Kristine Midtbø går til vanleg i 9. klasse på Os ungdomsskule. Ei veke i skuleåret får dei sjølve bestemme kvar dei ønskjer å vere. Ho ville gjerne vere hos NMF. Ho er ei aktiv jente og spelar blant anna kornett i Os Musikkforeining som skal delta i 3. divisjon i NM janitsjar i Trondheim til helga.

Video og lyd

Denne veka har ho jobba med ulike ting hos NMF sentralt og NMF Hordaland. Ei av oppgåvene til Ragnhild Kristine var å lage video frå korpset si NM-oppkøyring. Femtenåringen er opptatt av god lyd og god lydkvalitet på videoen. I tillegg har ho jobba litt kontorarbeid.

– Det har vore veldig kjekt å vere her! Å lage video var det kjekkaste. Eg får vist litt av kva korps er og kva vi driv med, men berre ein bitte liten brøkdel av arbeidet som ligg bak, seier ho.

Sjå videoen frå Os Musikkforening 

Vil dirigere

Ragnhild Kristine spelar også i Os skulekorps og Hordaland Ungdomskorps. Ho går i kulturskulen og tar privattimar på kornett. Drømmen hennar er å kunne jobbe med musikk og bli dirigent.

– Heime sit eg og dirigerer for meg sjølv. Eg kunne ha vore instruktør for juniorane og aspirantane våre i skulekorpset, men dei øver samtidig med oss, så då går ikkje det.

Musikk «for alle penga»

Etter ungdomskulen ønskjer Ragnhild Kristine å gå musikklinja på vidaregåande, anten på Langhaugen videregående eller Bergen Private Gymnas (BPG).

– Pappa (som er generalsekretær i NMF, red.anm.) er opptatt av at eg skal gå der dei også har matematikk. Og så fordi eg er veldig glad i matte!

– Kva er forventningane dine til NM? 

– Å få den gode speleopplevelsen, og høyre mange flinke korps og få inspirasjon!

LYKKE TIL seier vi, og takk for arbeidet og besøket!