Det seier Annmari Wangin som er lærar ved musikkhøgskulen i Ingesund i Arvika i Sverige. I samarbeid med Ingesund har Norges Musikkorps Forbund utarbeidd eit utdanningsopplegg for aspirantkorpsdirigentar. På trappene er ei ny utdanning i juniorkorpsdirigering. Begge er helgebasert og gir 30 studiepoeng. Det eine er godt i gang, medan det andre startar til hausten (2017).

Sans for samspel

Merete Fjeldvær frå Averøya i Møre og Romsdal har alltid hatt sansen for samspel med dei yngste. Ho dirigerer Bremsnes og Bruvoll Aspirantkorps og Bremsnes Bruvoll Musikkorps som del av jobben i kulturskulen. Etter tre samlingar i Ingesund har ho berre godord å kome med.

Svært lærerikt

– Dette er kjempebra lærdom. Eg har i mange år halde på med samspel med aspirantane og har stor sans for det tidlege samspelet. Før har eg gjort det på prosjektbasis. No har eg sett det i system. Eg kan ta med meg kunnskap heim og gjere nytte av den med ein gong.

Nokre av aspirantane i Bremsnes og Bruvoll aspirantkorps. Merete Fjeldvær er dirigent. Foto: Privat.

Nokre av aspirantane i Bremsnes og Bruvoll aspirantkorps. Merete Fjeldvær er dirigent. Foto: Privat.

Ung dirigent

Silje Helene Kleiv (21) er aspirantkorpsdirigent i Skien. Ho fekk oppgåva med å dirigere dei yngste i Norcem gutte- og pikekorps då ho sjølv spelte saksofon i Norcem. I dag dirigerer ho aspirantane i Langesund og Norcem . Ho starta med ballast frå musikklinja ved Skien vgsk og er takknemleg for å kunne hente ny lærdom i Ingesund.

– Det er veldig lærerikt. Eg har fått innblikk i ulike måtar å gjere ting på, og gøy med ein norsk og ein svensk lærar (Birgitte og Annmari red.anm).

Utdanning i botnen

For tida studerer Silje bachelor på barnehagelærarutdanninga. Ho er den yngste i studentflokken i Ingesund som i år tel 10 stykke. Ho ville lære meir og ha ei utdanning i botnen for dirigentjobben. På helgesamling nummer tre av fem var hovudfokus på dirigenten.

– Vi lærer å vere bevisst kva ein gjer som dirigent, får tilbakemelding på korleis vi gjer det. Vi får lære metode for innstudering, og reflekterer rundt val av repertoar. Vi er innom arrangering og lærer instrumentkunnskap, seier Silje Helene.

Får vidareutvikla oss

-Vi lære kanskje alle mest kvifor ting er lurt. No har eg fått bakgrunnen for det eg alt gjer utan å ha heilt skjønt kvifor det fungerer. Og sjølvsagt får vi med oss mange gode idear og kan vidareutvikle oss, seier Merete.

Samarbeider tett

Nasjonal musikkonsulent i NMF, Birgitte Grong har vore, og er ein sentral bidragsytar for å få i gang desse kursa. Ho underviser også.

– Det er viktig å prioritere dei små, å gje dei ein god start i korpset. Då er det viktig å ha ein god dirigent.

Må få leike og bevege seg

– For å undervise yngre barn er det viktig å ha med seg mange verktøy. Barn orkar ikkje spele heile tida. Dei må få røre på seg og leike. Vi jobbar mykje med å få inn variasjon som kan nyttas på øvingane. Med gode dirigentar på aspirantnivå vil borna spele i korps vidare i livet, seier Annmari Wangin.

Dette stadfestar Merete Fjeldvær.

– Aspirantkorpsdirigenten har fleire roller. Vi må forenkle ting, bruke eit enklare språk og ha fleire innfallsvinklar. Dirigenten må ta meir omsyn til alder enn i skulekorpset og leiken og det sosiale aspektet er viktig. Vi må legge grunnlaget for tryggheit og mestring og begynne frå dag ein.

Ny utdanning for juniorkorpsdirigentar

Til hausten startar ei ny utdanning for juniorkorpsdirigentar ved musikkhøgskulen i Ingesund. Studiet heiter «Metodik før blåsorkester på mellannivå MIGBM2». Interesserte kan søke frå 15. mars til 17. april på www.antagning.se

Ved dette studiet er også Erja Joukamo-Ampuja frå Sibelius akademiet lærar i tillegg til Wangin, Grong og andre gjesteforelesarar.

– Kva kvalifikasjonar bør dei som søker ha?

– Søkarane treng ikkje ha tatt 1. nivå (aspirantdirigentkurset) for å søke på juniorkorpsdirigentstudiet. Og ein treng ikkje formell grunnutdanning i musikk, men må dirigere eit korps, seier Wangin.

God utdanning

Silje Helen seier kurset i Ingesund er godt fagleg forankra og går djupt inn i problemstillingane. Det har gitt henne inspirasjon, gode tankar om dirigering og ho har fått nye idear. Ho vil absolutt anbefale andre å ta studiet.

– Heile utdanninga er godt gjennomtenkt. Det er trass alt 30 høgskulepoeng over to semester og mykje jobb. Kvar veke har eg fokus på studiet med lesing og evaluering. Og etter ei samling er det kjekt å kome tilbake til korpset og teste ut lærdomen, seier Silje Helene.

Nytt studium

Musikkhøgskulen i Ingesund har også planar om eit tredje dirigentkurs for ungdomar i korps. Dette vil gå parallelt med aspirantkorpsdirigentstudiet og har oppstart hausten 2018.