I vinterferieveka fekk 35 born i alderen 6 til 12 år frå 11 Oslokorps vere med på ei sjeldan korpsoppleving. Med eit godt støtteapparat møttest dei kvar dag for å lære musikk, dans og song, saman.

Les: Minner for livet med VinterPULSE

Eit tilbod til alle

– Dette er eit lavterskeltilbod som kostar lite i kroner og øre for medlemmene. VinterPULSE var ei super oppleving for både liten og stor. Det er fleire som har spurt om det blir sommarPULSE, «Når er det haustPULSE» og «Vi vil vere med igjen», fortel Katja Furnes som er prosjektleiar i NMF Øst.

Furnes er svært entusiastisk og seier dei har fått god kontakt med korpsa, instruktørane, styra og dei har hatt kontakt med foreldra i etterkant. Ho vil også rette ein stor takk til filmskapar Marius Olav Sørhus og filmteamet hans for flott film og fint samarbeid. (Sjå film lenger ned i artikkelen)

– Vegen mellom oss og medlemmene er blitt kortare. Dette er eit tilbod for alle i Oslo, for alle grupper i samfunnet, presiserer ho.

Inkludering som verdi

Norges Musikkorps Forbund har inkludering som ein av verdiane i handlingsplanen. Eit konkret mål som NMF Øst har tatt tak i er å utvikle «inkluderingsmodellar for alle befolkningsgupper». Dei to siste åra er det jobba mykje og målretta mot dette:

  • Alle born, unge og vaksne skal ha lik muligheit til å delta i eit korps
  • Inkludering er ikkje eit tema som skal arbeidast med som enkelt prosjekt, men skal vere ein raud tråd i alle aktivitetar og arbeidsområde i organisasjonen

I NMF Øst blir det gjennomført inkluderingsprosjekt i fleire korps. Gjennom utvekslingsprosjektet PULSE bidreg instruktørar frå Sør-Afrika med musikk og dans inn i norske korps. Dei har no avslutta engasjementet sitt i Norge og er reist tilbake til Sør-Afrika.

– Vi er blitt svært glade i sørafrikanarane. Dei har gjort ein strålande god jobb. Dei er våre ambassadørar, som ein forlenga arm til oss. Vi kan ikkje reise til Sør-Afrika, men dei har kome til oss. Vi er blitt som bror og søster, seier Furnes som gler seg til nye samarbeid.

Artikkelen held fram under videoen.

Sjå: Film frå VinterPULSE

Vil nå ut til fleire med korps

Det er stor vilje og interesse for inkludering og det blir jobba med å finne gode tiltak og metodar for å bli gode på å nå ut med korps som hobby til fleire. På trappene står inkluderingsprosjekt i NMF Hordaland og NMF Nordvest for tur.

– Inkluderingsarbeidet i NMF er solid og fagleg forankra. NMF tar eit samfunnsansvar gjennom vårt arbeid med inkludering, seier president Rita Hirsum Lystad.

– Vi er stolte av å kunne bidra til eit meir inkludert samfunn, spesielt i den situasjonen Norge er i, med eit auka tal flyktningar. Gjennom å lære seg å spele eit instrument får born og unge ein ferdigheit som kan brukast overalt i landet, i korps, kulturskule og skule. Det blir ein del av eit fellesskap som er så viktig for at born og unge skal trivast og mestre kvardagen, seier ho.

Vi er stolte av å kunne bidra til eit meir inkludert samfunn, Rita

Korps har plass til alle

NMFs generalsekretær Karl Ole Midtbø følgjer opp og seier at korps har plass til alle, på tvers av alder og kjønn.

– Det er ikkje inkludering utan samspel, og ikkje samspel utan inkludering. Samspelet er sjølve hovudpoenget for musikkorps, både musikalsk og som sosial arena. Anten det gjeld etnisk norske eller våre nye vener som kjem til landet.

– Få aktivitetar kan måle seg med musikken når det gjeld samhandling med andre og etablere tryggleik. Å lære seg norsk er bra og viktig. Minst like viktig er den kulturelle integreringa, og den kan starte med ein gong, seier han.

Få aktivitetar kan måle seg med musikken når det gjeld samhandling med andre og etablere tryggleik, Karl Ole

Viktig RØST-bidrag

VinterPULSE  er gjennomført to gongar. I år var ungdomar frå RØST (Regionkorpset i NMF Øst) med som instruktørar og rettleiarar. Dei gjorde ein uvurderlig innsats for gjennomføring av veka.

– Denne erfaringa tar dei med seg og vil få bruk for seinare i både liv og arbeid, seier administrativ leiar for VinterPULSE Siri Thorson om Røst-gjengen.

Les: Korps = inkludering