Flatåsen musikkorps frå Sør-Trøndelag deltar for 2. gong i NM janitsjar. På bakre rekke i år sit Oscar som akkurat har nådd å bli 11 år. Han gler seg til konserten.

– Eg ventar at vi kanskje klarer å spele veldig bra på konserten. Og eg ventar at andre korps også spelar veldig bra, og gler meg til å høyre på dei.

Høg musikalitet

Oscar spelar trombone i Flatåsen skulekorps til vanleg. I tillegg utøver han musikaliteten sin i Nidarosdomens guttekor og ved pianoet.

– Kva musikk likar du å høyre på?

– Eg likar mest klassisk musikk og litt jazz, men mest klassisk. Det er veldig fin musikk synst eg.

– Kva gjer du på utanom korps og koret?

– Eg komponerer litt musikk som eg spelar og så arrangerer eg litt. Eg likar veldig godt å skape musikk og skape harmoniar som eg kan velje sjølv.

Ein av melodiane dei hadde i guttekoret då dei var til Singapor var «These are the days». Den har han arrangerte til skulekorpset sitt.

Stolte vaksne

NM-kontakt for korpset Agnes Frøseth er tydeleg stolt over den unge medlemmen og synst det er kjekt at dei klarer seg åleine. I fjor fekk dei skryt av dommarane for god klang i korpset.

Flatåsen Musikkorps frå Sør-Trøndelag spelar i 7. divisjon under NM janitsjar 2017. Foto: Caroline Nøst.

Flatåsen Musikkorps frå Sør-Trøndelag spelar i 7. divisjon under NM janitsjar 2017. Foto: Caroline Nøst.

– Vi er stolte over å delta med berre eiga besetning. Vi er  i dag 19 medlemmer og dirigent Roger Overå som starta den musikalske karrriera si i det lokale skulekorpset, finn passande musikkstykke som han arrangerer for oss. Men vi leiger ut fagottisten vår, Ingunn Sletten. Ho spelar for Byneset Musikkorps i 1. divisjon.

Vi er stolte av å delta med kun eiga besetning.

Kult med pappa i korpset

Far til Oscar spelar også i korpset.

– Det er veldig kult å ha ein pappa som spelar i same korps som meg – og eg høyrer at han speler feil av og til. Då kan eg berre le litt inni meg – og så seier eg det til han etterpå.

Eg høyrer at han speler feil av og til. Då kan eg berre le litt inni meg.

– Kva vil du bli når du blir stor?

– Et har tenkt å bli ein trombonespelar og begynne i eit orkester. Å høyre på eit orkester er veldig fint og det gir meg ein god følelse.

– Korleis er det å vere minst?

– Eg synst det er veldig gøy å sjå at eg er den yngste og koseleg at så mange er med på NM , og spelar i korps.

Merk deg namnet Oscar Eilif Bernhard Danielsen. Denne karen får vi høyre meir til i framtida.