– Vi gler oss veldig! Det er stort for alle, både liten og stor. Vi har fleire musikantar på scena enn nokon gong, heile 169 stykke!

Vi har fleire musikantar på scena enn nokon gong.

Det seier Line Siljuholtet som representerer dei tre korpsa Jessheim Skolekorps, Hovin & Mogreina Skolekorps og Kløfta og Ullensaker Skolekorps.

Mange timar øving

Musikantane har øvd mykje i heile januar, og dei har hatt fellesøvingar og seminar. Med tre korps i fellesskap har mange av borna blitt kjende med kvarandre på tvers av skulekretsar.

4-stjerners middag

– I år blir det eit ekstra stort og spennende arrangement, og vi er så heldige å få Else Kåss Furuseth som konferansier. Furuseth har sjølv vore musikant i korpset vårt og vi kjenner henne litt frå før. Forrige veke deltok vi i prgorammet 4-stjerners middag heime hos Else.

– Det var spennande, moro og ein annleis musikalsk oppleving for musikantane våre, seier Siljuholtet.

Hovedkorpset i Ullensaker øver til konserten. Foto: Privat.

Hovedkorpset i Ullensaker øver til konserten. Foto: Privat.

Spennande repertoar

Repertoaret på nyttårskonserten i år er utsøkt og inneheld stykke frå blant anna Gustav Holst, John Williams, Kygo og Strauss.

– Rekruttane er særleg stolte over å få presentere musikk frå Kygo. Det er moro å spele musikk som dei elles høyrer på, seier Siljuholtet.

Ho trur dette blir ein forrykande konsert med så mange korpsmusikantar på scena og ei Else Kåss Furuseth som vil sette prikken over i-en som konferansier.

– Vi er ganske stolte av hva vi har fått til og vi gleder oss til å invitere alle store og små til ein uforgløymeleg festkveld i Ullensaker Kulturhus.

Vi er ganske stolte av hva vi har fått til.

Og NMF ønskjer lykke til med storkonserten!