Vinterferieseminar i regi av NMF er ein del av NMF si inkluderingsatsing og rettar seg mot born og unge som ikkje har andre alternativ i ferien. Det er eit lavterskeltilbod for born, med og utan korpsbakgrunn, der det ikkje kostar noko å vere med.

Fantastisk beskjed

Gladmeldinga no er at Norges Musikkorps Forbund har fått støtte frå Bufdir (Barne- ungdom og familiedirektoratet) til vidare produksjon av FeriePULSE. Dermed er SommerPULSE 2019 i Molde sikra drift. Også VinterPULSE i Bergen og Oslo i 2020 nyt godt av støtte frå Bufdir. Direktoratet har også vore med å støtta årets FeriePULSE, saman med Kavlifondet og Norsk Musikkråd. I tillegg støttar Norsk senter for utveklsingssamarbeid, Norec prosjektet gjennom utvekslingsprosjektet PULSE Stronger Togehter.

SommerPULSE 2019 i Molde er sikra drift.

Populært tilbod

Tiltaket er svært populært. Borna har jobba saman med sørafrikanske og norske musikk- og danselærarar heile vinterferien med musikk, dans og laga ei felles show-førestilling med eit sør-afrikansk tilsnitt. Tilbakemeldingane er ikkje til å ta feil av.

På Facebooksida til NMF Øst skriv ei mor dette:

– Tusen hjertelig takk! ❤️ Vi håper virkelig at dere arrangerer det igjen til neste år. Å skape så mye glede og samhold er unikt og uvurderlig! Ett sekund etter at konserten var ferdig, sa begge jentene våre: Kan vi være med til nest år også?
Dette tilbudet er fantastisk! 👍👍👍

Ein annan kommentar frå barnemunn understrekar kva dette betyr:

Å være med på VinterPULSE kjennes ut som å fly! ❤️❤️

Øving gjer meister. Foto: Olga Wergeland/NMF

Øving gjer meister. Foto: Olga Wergeland/NMF

Å skape så mye glede og samhold er unikt og uvurderlig!

Stort apparat

Engasjementet blant deltakarane på VinterPULSE har vore svært stort. Flotte unge praktikantar, med og utan korpsbakgrunn har brukt vinterferien sin på VinterPULSE. Utvekslingsdeltakarar i PULSE-prosjektet frå Sør-Afrika har bidrege med kunnskap, innsikt og nye innfalsvinklar på korpsmusikken og dansen. Vaksne leiarar har gjort ein kjempejobb for å admininstrere, støtte, hjelpe, ha oversikt og få heile prosjektet til å bli ein suksess.

For meg er dette inkludering i praksis

Odd-Erik Nordberg er ein av leiarane. Han seier heilskapen er større enn summen av delane.

– For meg er dette inkludering i praksis. Alle har ulike roller og stemmer, og slik blir det eit unikt møte i musikken fordi alle er viktige i gruppa.

Blir sett og kjenner mestring

Aldersspennet er stort og det at alle er forskjellige gjer VinterPULSe så bra. Vinterferievekene har gitt han magiske opplevingar både musikalsk og sosialt.

– Det største øyeblikket for meg var når vi var samla alle på scena til samspel for fyrste gong den fyrste dagen. Vi hadde øvd i små grupper fyrst, og skulle sette saman alle til å spele fyrste låt. Då blei eg rørt.

 

Martin Mxolisi Sibiya med gruppeøving på VinterPULSE. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Martin Mxolisi Sibiya med gruppeøving på VinterPULSE. Foto: Olga Wergeland/NMF.

– Kvifor brukar du ei veke av ferien din til dette arbeidet?

– I tillegg til at deltakarane forhåpentlegvis har hatt ei lærerik og morosam veke, så har eg også hatt det supert som del av eit flott team saman med dyktige kollegaer. Når deltakarane kjem tilbake på skulen etter ferien, så kan dei faktisk seie at dei har vore stjerner i eit show! Og det er stort for meg å ha fått tatt del i denne opplevinga saman med dei.

Dei har vore stjerner i eit show!

Verdifull ferieoppleving

– Dette lavterskeltilbodet har barn og unge i Oslo, Bergen, Molde og NMF hatt stor glede av. Det er flott at vi kan fortsette å gje barn verdifulle ferieopplevingar fylt av samhald, meistring og musikkglede, seier prosjektleiar Katja Furnes.

VinterPULSE i Oslo 2019. Spente deltakarar. Foto: Katja Furnes/NMF

VinterPULSE i Oslo 2019. Spente deltakarar. Foto: Katja Furnes/NMF