Furuset skoles musikkorps er eit heilt unikt korps i Oslo. Korpset har ingen etnisk norske og består av språkleg minoritetar frå 2. – 6. klasse. Furuset har ikkje hatt fullverdig korps på mange år, men det siste året har det gått stadig oppover. Og med hausten dukkar det opp nye born som ønskjer å bli med.

Ingvill Starberg dirigent viser fram klarinetten for Alisza. Foto: Olga Wergeland/NMF

Ingvill Starberg dirigent viser fram klarinetten for Aliza. Foto: Olga Wergeland/NMF

Rabia (11 år) har fått prøve både klarinett og baryton, og det er baryton ho vil spele. Men kva triggar lysta til å spele i korps?

– Veninna mi spelar her og eg hadde lyst å bli med, fortel ho.

– Og då kan vi øve og spele saman.

Ho har tenkt på å begynne i eit heilt år, men i dag er fyrste gong ho møter opp og høyrer korpset spele saman.

– Dei er veldig flinke, seier ho forsiktig.

PULSE-hjelp

NMF har jobba mykje med Furuset det siste halvanna året. Korpsbyggar og rettleiarar frå NMF Øst er medhjelparar, og er i tett dialog og kommunikasjon med kulturskulen.

Deltakarar frå utvekslingsprosjektet PULSE Stronger Together (NMF/Fredskorpset/FieldBand) har bidrege med god opplæring og motivert musikantane i Furuset skoles musikkorps. I år er det Sihle Mabena og Sizwe Nkosi frå Sør-Afrika som er fast inne i korpset. I dag får dei og god hjelp frå dei to andre i PULSE-deltakarane, Masibulele Langa og Thulani Dupa. Dei øver nemleg til Barnas Verdensdager i Oslo 5. november.

Les om Barnas Verdensdager i Oslo.

PULSE-deltakarane har med seg ny innputt til korpsmedlemmene. Foto: Olga Wergeland/NMF

PULSE-deltakarane har med seg ny innputt til korpsmedlemmene. Foto: Olga Wergeland/NMF

Korpset har fått gode tilbakemeldingar og Furuset skole er stolt over korpset sitt. På nettsida deira finn vi korpset i aksjon for å markere FN-dagen saman med andre skular i Oslo.

Sjå bilde: FN-markering ved Trygve Lies plass

På veg oppover

Furuset skoles musikkorps er eit korps som var utan styre i 2015. I dag er styret i korpset og fleirkulturelt der dei færraste har styrekunnskap. Dette skapar sjølvsagt utfordringar, men NMF har hjelpt dei på vegen. Framleis har dei med ein rettleiar frå korpsbyggingsprosjektet Bli-betre-få-det-betre.

Dette er jo heilt fantastisk! Ingvill-dirigient

No er dei rundt 15 musikantar i korpset. Dirigent Ingvill Starberg fortel om tilbakemelding frå ein lærar ved skulen.

– Alle er kjempeimonerte og alle lærarane på skulen vil hjelpe med å reklamere for korpset til elevar og føresette. Dei er så stolte og dei ønskjer at fleire born skal få sjansen til å oppleve å spele saman med oss. Dette er jo heilt fantastisk!

Korpset deltok også på 17. mai i år og viste godt igjen i toget på nasjonaldagen. Sjå NRK1 frå 17. mai 2016.

Musikk å bli glad av

Ei mor i korpset fortel frå sidelinja at det er fantastisk å få andre kulturar inn, øve utan notar og spele fengane musikk som både born og vaksne blir glad av. Ho skryt uhemma av prosjektet VinterPULSE som mange born fekk ta del i i vinterferieveka 2016.

Sjå: Film frå VinterPULSE (langversjon)

To nye medlemmer

Søster til Rabia, Aliza (7år) har bestemt seg for å spele klarinett. Instrumenta må settast i stand og klargjerast til neste veke. Då er dei klare for nye barnehender og korpset har fått to nye medlemmer.

Mor er med fyrste dagen på korpsøving. Snart er det Aliza og Rabia også med. Foto: Olga Wergeland/NMF

Mor er med fyrste dagen på korpsøving. Snart er det Aliza og Rabia også med. Foto: Olga Wergeland/NMF

Barnas Verdensdager

Det neste og spennande målet for borna i Furuset skoles musikkorps er Barnas Verdensdager i Oslo 5. november. Vil du høyre dei, så møt opp på Grønland kulturstasjon som vil vere omgjort til eit stort eventyrslott fullt av spennande ting å sjå på, ete og oppleve!